Vakre røyster til fjells: Koret Fjellrøyst gratulerer alle med dagen, og reiste til Silkedalen for å synge nasjonalsongen.

Gratulerer med dagen

VTB gratulerer alle med dagen, med god musikalsk hjelp av koret Fjellrøyst. Frå Silkedalen framfører dei fyrste verset av «Ja, vi elsker dette landet».

Klokka 13.00 skal alle i heile Noreg synge «Ja, vi elsker dette landet». Bli gjerne med koret Fjellrøyst frå Øyfjell å syng nasjonalsongen.

Fjellrøyst er sett saman av 30 songglade damer som syng saman kvar veke i Øyfjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dirigent Lena Ø. Gaastjønn fortel at Fjellrøyst lenge hadde planlagt ein sommarkonsert, men då koronaen kom for fullt i mars blei det ikkje slik.

– Då me kom i gang med fyrste øving igjen 29. april og song nokre mai-songar blei me litt triste over at 17. mai ikkje kom til å bli «vanleg» i år. Me tenkte at sjølv om me ikkje får samlast, gått i tog og sunge songar, skal ikkje det vera noko hinder for å spreie litt nasjonalstemning, fortel Gaastjønn.

Ho samla nesten 20 damer til å stille opp i Silkedalen med bunad for å spele inn fyrste verset av «Ja, vi elsker dette landet».

– Det stod ein gjeng flotte damer i bunadar og song nasjonalsongen i ein iskald vind i fantastiske omgjevnadar. Etter filmen og lydopptaket var laga redigerte eg saman ein liten snutt og resultatet ser de no. Me gler oss til me igjen kan samlast, sita ved sidan av kvarandre når me øver og arrangere konsertar rundt om i Vest-Telemark, seier Gaastjønn.