Med ryddesag: Artikkelforfattaren Jostein Sandsmark med ryddesag i sele.

Glimt frå skogrydding under Songa-oppdemminga

Då Valasjødalen med Songevotni vart oppdemd tidleg på 60-talet, tok Alf Solbakken frå Rauland oppdraget med å rydde sjømålet for skog og kratt. Det måtte til for ikkje å øydeleggja for fisket når det vart ei ny strand høgare oppe i skogbeltet.

Solbakken hadde med seg nokre røynde fjellkallar og ein gjeng med ungdomar til arbeidet – og eg var ein av dei. Med base på fjellgarden Berunuten arbeidde me på spreng for å halda unna for det stigande vatnet. Utbyggjarane hadde ikkje råd til å la vatnet frå Songaelva renna vekk og gå til spille, så damfyllinga gjekk snøggare enn avtalt – og skogsryddarane hadde det travelt.

Prosjektleiar: Alf Solbakken frå Rauland.

På Berunuten der me hadde reidd oss til, låg dei eldre i sengene nede medan me ungdomane kvelda på flatsenger i soveposar på lemen. Ei natt merka eg i søvnørska noko som rasla ved øyra mitt – nett før det kravla ei mus over andletet. Eg dreiv til henne med handa, og ho landa ein stad i dei mørke krokane, og eg sov vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Provianten vart sendt opp til oss kvar 14. dag, så brødet vart både turt og hardt før siste skalken tok ende. Men appetitten var stor under hardt kroppsarbeid, så energipåfyllet vart deretter. Eg minnest ved eit måltid at eg starta på skalken i den eine enden på kneippbrødet - og vart ikkje mett før eg smurde den siste skalken i den andre enden.

Middagsmaten var den same kvar dag: Rundsteikt fjellaure i fleskefeitt.

Middag: Feit fjellaure på bordet kvar dag.

Karane var dugeleg svoltne etter ein lang dag med saging, hogging, samling og brenning av kvist og kvas. Når me endeleg kom heim i kveldinga, var det ingen som tok seg tid til gourmet-fakter. Men då turen for matstellet kom til meg, gjorde eg som eg hadde sett mora mi stella fisk – fileterte, rulla i mjøl og salt før dei fekk surra i steikepanna. Berre til sundagsmiddagen fekk me ei avveksling: Då spanderte me og spretta eit par fiskebolleboksar.

Arbeidet var ikkje berre strevsamt, men kunne også vera farleg. Ein studentgjeng skulle ha arbeidsleir, men fraktbåten frå Songadammen – ein avdanka livbåt – rende på ei kunstig øy – ein jordbanke som hadde flote opp, kvelva, og ein av studentane drukna. Leiren vart avlyst, og me fann brød og anna proviant drivande langs strendene.

Vêret veksla frå sol til regn. Ein varm dag då me ranga av oss alt ovantil, fann eg ikkje att skjorta mi då me skulle flytta til ein ny bålplass. Men etter nøye studium der eg meinte å ha lagt skjorta, fann eg fem kvite prikkar på rad i lyngen: Ein bålgneiste hadde falle på skjorta, og ulmebrannen hadde ete opp alt tøyet så perlemorsknappane låg uskadde åleine att.

Det hende gamlekarane varta opp med reinsdyrsteik. Borte i ein liten jordkjellar hadde dei gøymt eit tjuvslakt som hang til møyrning. Det var godt gøymt, men det var ikkje kjekt om ein oppsynsmann skulle koma innom og oppdaga reisdyrsknokar på benken etter middagsstellet.

Oppdemminga av Songavassdraget var svært nyttig, men den vakre utsikta frå Berunuten sørover Valasjødalen med alle sine loner og løkjer, vatn og småfossar er tapt for alltid – og vil aldri verta å sjå meir.

Yngstemann på laget: Jan Sandsmark.
Damarbeid.
Barske vêr- og føreforhold i blant.
Fyr: Ein gong fekk eg i ei vindflage mot meg og sveid bort mesteparten av hår og skjegg.
60-årsminne: Skogsrydding under Songa-oppdemminga. Fyrbøtaren i sving.
På jobb: Fine dagar på jobb i høgfjellet.
Greidde ikkje forsere fossen: Fem reinkalvar som ikkje hadde greidd å forsere fossen. Guten til høgre er bror Jan Sandsmark, skriv Jostein Sandsmark.
Fjellgard: Berunuten - 1000 meter over havet.
Morgonvask: Frisk morgonvask i bekken.