Emil Solli-Tangen tek med joleturneen «Ekte Jul» til Vest-Telemark i år òg.
Emil Solli-Tangen tek med joleturneen «Ekte Jul» til Vest-Telemark i år òg.

Gler seg til å innta kyrkjene med jolesong

I går starta Emil Solli-Tangen og musikarkameratane årets joleturné i Akerhaugen kyrkje etter ein lang haust med førebuingar. Seinare i desember skapar dei jolestemning i Vest-Telemark òg.

Torsdag syng Emil Solli-Tangen jola inn i Grunge kyrkje. Etter det er han innom i kyrkjene i Kviteseid og Treungen også. Med klassiske jolesongar frå alle tider sørgjer han og musikarane han har med seg for Ekte Jul – som er namnet på turneen.

– Det har vore ein heilt utruleg travel haust, men eg gler meg likevel veldig til å kome i gang med joleturneen, fortel Emil Solli-Tangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har verkeleg hatt mykje å tenke på denne hausten. Som mange kanskje har fått med seg, så har han jobba med demonstrasjonar mot deponi-planane i Brevik. Attmed kysten han har sett ut over heile oppveksten. På si har han øvd til jolekonsert og førebudd seg til andre store prosjekt. Han har vore gjennom eit samlivsbrot. Så flytting. Heimatt til barndomsheimen på Heistad med utsikt over fjorden.

– Eg har ikkje hatt tid til å tenke heilt over alt enno, seier han med ein liten latter.

Ein god venegjeng

Trass i eit litt slitent hovud, fortel han at han hentar energi av å reise på joleturné.

– Ja, det gjev meg verkeleg meir enn det tek.

Saman med tre gode kameratar reiser han rundt og spelar jolemusikk i kyrkjer heile desember månad. Jan Birger Akerhaugen spelar gitar. Terje Meisingset spelar piano og orgel. Begge to er kjent frå bandet NiLiv. Jørn Gunnar Akerhaugen Eilevstjønn, bror til Jan Birger, er med som pressekontakt og alt-mogleg-mann.

– Det er ein super gjeng å turnere med. Me har kjent kvarandre i mange år, og det er noko heilt spesielt med å reise rundt med gode vener, seier songaren, som er utdanna ved Operahøgskulen i Oslo. 

Tidlegare år har også NiLiv-medlem Knut Olav Sandvik vore med, men i år har han lova seg bort til andre prosjekt.

– Han skal spele med Adam Douglas, faktisk. Han som vann over brodern i Stjernekamp. Det er litt ekstra sårt, spøker Solli-Tangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Song og anekdoter

Joleturneen er ikkje ny – dei har halde på i fleire år. Og det er alltid eit stort høgdepunkt i året for dei alle saman.

– Det er så fint å synge og spele i kyrkjer. Det er verkeleg noko heilt eige, både når det gjeld stemning og akustikk, seier han.

I tillegg elskar Solli-Tangen å underhalde mellom songane. Han fortel anekdoter på sparket, og har fleire gonger fått kameratane på scenen til å le av kor improviserte nokre av dei er.

– Det er ikkje alltid eg veit heilt kvar eg er på veg, men eg likar å ikkje ha eit fullstendig planlagt manus. Eg har prøvd, men det blir kjedeleg i forhold. Det blir i alle fall veldig ekte på den måten – og så er det ei rolle eg er veldig komfortabel med å vera i, då, avsluttar han.