Opning: Rundt 90 møtte fram på opninga av Eva Bull Holtes museum i Åmotsdal laurdag. På grunn av korona-smitte blei opninga halde utandørs..

– Gjer oss rikare som kommune

– Eg og Seljord kommune er glade for å ha samlinga etter Eva Bull Holte her, og at stiftinga får vist fram både denne og gjesteutstillarar år etter år. Det er med å gjere oss rikare som kommune, som reisemål og som kulturberar, sa ordførar Beate Marie Dahl Eide på opninga av årets utstilling på Sneie i Åmotsdal.

– Me må utvikle Seljord som reisemål, med basis i kunst, kultur og sogene, og det skjer mykje positivt her på Sneie, sa ordføraren og la til at ho ynskjer at ein i lag kan få løfta fram arbeidet til Eva Bull Holte endå meir.

– Eg håpar på eit godt og rikt samarbeid i åra framover, sa Eide og understreka at Sneie skaper ei magisk ramme kring det heile.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det å ha ei slik kunstsamling i ei lita grend i ein liten kommune i Telemark er på ingen måte sjølvsagt. Samtidig så er me i eit område av landet som har trekt til seg kunstnarar i mange tiår, sa Eide til dei bortimot 100 frammøtte.

– Eg og Seljord kommune er glade for å ha samlinga etter Eva Bull Holte her, sa ordfører Beate Marie Dahl Eide.

Åmotsdal har ikkje berre bilda til Eva Bull Holte, men det er også bygd opp ei samling ved å kjøpe kunst av gjesteutstillarar gjennom mange år.

Ordføraren var også inne på uvissa som har vore knytt til korleis samfunnet skal opne att etter stenginga 12. mars. Det var først for kort tid sidan at det blei opna for 200 gjester ved offentlege arrangement.

– I denne tida opplevde mange kor viktig kunsten er for folk, sa Eide og la til at digital kunst har vore ei erstatning.

– Det er flott at me kan møtest att, sa ordføraren.

Det er utfordrande å finne gjesteutstillarar.

- Utstillarens kunst skal ante utfordre eller spele saman med Eva Bull Holtes bilde, sa Torhild Grøstad under opninga då ho presenterte Karen Ingeborg Bye som kunstnar og bilda som blir stilt ut. Grøstad er, saman med Knut Flatin, museets kunstneriske ansvarlege.

– Årets utstillar og Eva Bull Holte har landskap og tre til felles, sa Grøstad, og la til at Bye er ein kunstnar som har hatt teikning som eit eige uttrykk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det musikalske innslaget var ved Sigrid Aase og Einar Haugseth.

Gjesteutstillar: Karen Ingeborg Bye.