Ei ny bok gir eit gjensyn med nesten alle menneska som vart portretterte av Bruaset i den populære serien. Foto: Samlaget

Gjensyn med Bruasets utkantfolk. Har vore på Kvipt, Argehovd og Skindalen

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er ein av dei mest populære norske TV-seriane gjennom tidene. No får vi eit gjensyn – i bokform – med fleire av menneska Oddgeir Bruaset besøkte.

Om bakgrunnen for boka skriv Samlaget: «Eit spørsmål Oddgeir Bruaset får igjen og igjen er: Korleis går det med menneska vi fekk bli kjent med i serien?

Og no har han svart på spørsmålet ved hjelp av bokformatet. Her fortel han nemleg vidare om dei fleste han møtte i dei 12 åra sine som programleiar for programmet han i si tid skapte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruaset har vore fleire gonger i Vest-Telemark. Blant dei som har fått plass i boka er Janne, Åsmund og Olav Fjellheim Kvipt på Kvipt, Anne-Gro og Åsmund Løvås på Argehovd og Anne Vågen Skindalen på Skindalen.

Konseptet i serien er å gi eit innblikk i tilværet til menneske som bur på dei brattaste, eller mest avsidesliggjande stadene i landet vårt. Bruaset møtte folk som på ulike vis levde tett på naturkreftene, ofte under ganske enkle kår. Nokre av dei skapte liv og røre på bortgøymde stader, medan andre valde eit stille og roleg liv på elles folketomme stader.

Atter andre igjen jobba hardt for å skape samband til omverda, når vegane fram til hus og heim var uframkommelege.

Boka er illustrert med bilete frå både notid og frå tida for innspelinga, og sleppdatoen er 28. oktober, skriv forlaget vidare.

Det første programmet vart sendt på NRK i desember 2002. Ved utgangen av 2021 var det laga 20 sesongar av serien. Bruaset pensjonerte seg i 2014.

(©NPK)

Han har skapt ein av NRKs største sjåarsuksessar og er blitt prisa med Gullrutens heiderspris: Oddgeir Bruaset fortel no – i ei ny bok – vidare om folk han møtte på dei mest avsidesliggjande stader. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK