Stemningsfullt: Med lys i hendene var rundt 40 samla til lysmesse. Frostrøyk og salmesong fylte rommet.

Frostrøyk og salmesong fylte rommet då 40 var samla til lysmesse

Då sokneprest Møyfrid Lunde fekk spørsmål frå ungdommane, fekk ho lyst å arrangere lysmesse igjen.

– Det var nokre elevar frå Kvitsund som lurte på om vi hadde messe i gamlekyrkja som dei kunne vere med på, seier Lunde.

Til vanleg er det berre messer om sommaren i gamlekyrkja. Førre veke vart Kviteseid gamle kyrkje fylt med levande lys, folk og song – for fyrste gong på fem år blei det invitert til lysmesse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var lysmesse i Kviteseid fyrste gong i 1994. Denne blei arrangert kvart år fram til 2016.

Lunde kjente til at det hadde vore ein tradisjon med kveldsmesse tidlegare og bestemte seg for å gjere det igjen. I samarbeid med eit par lærarar fekk dei organisert fakkeltog frå Kvitsund til kyrkja, slik tradisjonen har vore.

– Me arrangerer lysmessa for å bidra til et mangfaldig og rikt gudstenesteliv. Og for elevane som bur her tre år av livet er det eit høve til å kome inn i mellomalderkyrkja som ligg i gåavstand frå skulen, seier soknepresten som også har opplevd at mange i bygda har etterspurt denne spesielle messa.

Fakkeltog: Kvitsundelevane går på rekke og rad med kvar sin fakkel. Det var om lag 25 frå alle tre trinna på Kvitsund Gymnas. Fremst i fakkeltoget går lærar Kurt Nødland og fortel elevane sine om alle åra dei har hatt fakkeltog frå Kvitsund. Fyrste gongen det vart arrangert var i 1994.
Lys: Kyrkja har ikkje straum så belysninga var berre stearinlys. – Det gamle kyrkjerommet og alle lysa gir ei annleis ramme enn mange andre gudstenester, seier Møyfrid Lunde i etterkant av messa.
Prosesjon: Elevar frå Kvitsund bidrog med tekstlesing og lysprosesjon. På slutten av messa følgde kyrkjelyden etter i prosesjonen. Etter messa var det bollar og varm drikke til alle, frå kyrkjelydsutvalet.
Organist: Olav Holm.
Lysmesse: I kyrkja som er frå 1200-talet vart det heldt messe med song, vedkjenningar, nattverd og preike. Prest Møyfrid Lunde leia messa og preika.