Frida Ånnevik og Tore Renberg til Litteraturdagane i Vinje
Litteraturdagane i Vinje blir arrangert som planlagt 28.–30. august, i Vinjehuset, Vinje kyrkje og digitalt med fleire kjende namn på programmet.
– Vi er svært glade for at vi kan ønske velkommen til Litteraturdagane i Vinje. Vi har tru på at gjestene våre får ei god festivalkjensle om dei fysisk sit i salen, eller følgjer festivalen digitalt, seier dagleg leiar ved Vinje-senteret Kristian W. Rantala i ei pressemelding. Han forsikrar om at det vert god plass mellom dei fysiske gjestene på arrangementa, og alt vert gjort i tråd med rettleiarane for arrangement frå Folkehelseinstituttet og Kulturdepartementet,
Laurdag kveld entrar Frida Ånnevik scena i Vinjehuset. Ho har gitt ut fire plater og motteke fleire spelemannsprisar. Vesaas-foredraget blir halde av Tore Renberg, forfattaren bak bøkene «Mannen som elsket Yngve» og «Kompani Orheim».
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg kjem Kjartan Fløgstad, som møter forfattar Siri Helle og journalist Simen Tvetereid til samtale. Siri Helle gav tidlegare i år ut boka «Med berre nevane: Eit forsvar for praktisk arbeid». Tvetereid er journalist og forfattar, og er ein av fire som driv magasinet Harvest Magazine.
Litteraturdagane i Vinje er ein årleg litteraturfestival i Vinje.