Odd Nordstoga er ute med ny plate der ein fattig ferdamann spelar hovudrolla.Foto: Jan Inge Fardal / NPK

Framleis god plass til dei store draumane for Odd Nordstoga

Odd Nordstoga er ikkje spesielt prega av koronakrisa. Nesten tvert i mot, og han har minst like store draumar no som han hadde i fjor.

Nesten nøyaktig eit halvt år inne i unntakstilstanden, kjem Odd Nordstoga med albumet «Fatig ferdamann», der spesielt tittellåten er av det filosofiske slaget. Det er ikkje nødvendigvis ein ferdamann fattig på gods og gull som er på vegen. Men ein som etter kvart forstår kor liten han er – i den store verda. Kor lite han har forstått når alt kjem til alt. Me kjem attende til det.

Ikkje korona

Og berre så det er sagt – denne plata, desse låtane har ingenting med koronakrisa å gjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt var ferdig før krisa kom. Alle låtane var laga. Alle tekstane var skrivne. Kanskje det er ein låt som nokon kan relatera til korona. Den handlar om at det er greitt at det er fleire som er i same båten når noko skjer, ein litt sosialdemokratisk låt, seier artisten frå Vinje.

Me møter ein av våre mest folkekjære artistar til lunsj på «Young» i eine hjørna av Youngstorget. Telemarkingen, som har budd i hovudstaden sidan 2005, har køyrt bil ned frå Lamberseter. Han trivst godt i storbyen, sjølv om det ikkje er så ofte han er nede i sentrum.

– Om eg nokon gong har lengta heim til Vinje? Vel, – kanskje ltt, men då set eg meg berre i bilen. Når du kjem frå ein plass som Vinje, når du kjem frå ei lita bygd, så set det sitt preg på deg. Det er med deg, – alltid. Men når du veks opp, blir vaksen og stiftar eigen familie så blir det gjerne slik at du høyrer til fleire stadar. Eg høyrer til både i Vinje og her i Oslo. Men eg kjem neppe til å flytte til Vinje att, seier trebarnsfaren. Ikkje for det, etter dialekten å dømme skulle ein tru at han framleis bur midt i heimbygda.

– Eg kjem frå både ein familie og ein kultur med eit sterkt forhold og stor stoltheit til dialekten. Tanken om å prøva å snakka annleis har aldri streifa meg. Det er heller motsett. Umerkeleg kan dialekten bli litt utblanda. I musikkmiljøet kan sjargongen føra til at språket blir litt annleis. Det kan vera utfordrande. Men – og det kjem aldri til å skje med meg, det skumlaste er når du misser melodien i språket. Det å høyra ein frå Vinje snakka vinjemål med trøndermelodi, er ikkje spesielt artig eller vakkert, seier Odd med eit lite smil.

Skriv alt sjølv

47-åringen skriv alle melodiar og tekstar sjølv, og alltid på dialekt eller nynorsk.

– Før me kjem inn på det, du har tre ungar i skulealder. Kva veit du om deira forhold til nynorsk, her midt i Oslobygdi?

– Eg trur det er bra. Eg innbiller meg det. Det heiter seg at viss du kjem frå ein nynorskfamilie, blir dette med nynorsk enklare på skulen. Trur det er temmeleg greitt, eg har ikkje merka nokon motstand mot nynorsk i heimen, men innser at det nok ikkje har topplassen i popularitet verken i vår eller andre deler av denne byen.

Sjølv har Odd Nordstoga henta inspirasjon både frå dei heilt store verdsnamna som Neil Young, Bruce Springsteen og Tom Waits, men også frå norske som Jonas Fjeld, Åge Aleksandersen og ikkje minst LiIlebjørn Nilsen, fortel han medan den første kritikken av den nye plata plingar inn på mobilen til NPKs utsende. Det kunne vanskeleg vore ein betre omtale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva betyr kritikk for deg?

– Eg set sjølvsagt pris på gode ord, god omtale. Eg likar at andre tykkjer godt om det eg driv med, det skulle berre mangle. Samstundes, når du beherskar faget ditt, og veit at du leverer, og har eit utrykk som folk kjenner, så betyr det kanskje ikkje like mykje som før, den gongen eg var ung og urøynd. Mest set eg pris på at folk registrerer at eg prøver å koma meg litt vidare, eg vil jo ikkje bli oppfatta som kjedeleg og stillståande - ein som berre repertere seg sjølv.

– Kva kjem først, tekst eller melodi?

– Som regel er ein musikalsk ide i botn. Så startar detektivarbeidet med å leite fram den teksten som bur i melodien. Det er mykje att og fram, eg tråklar meg fram, eg må jobba med teksten helt åleine – heilt for meg sjølv. Det er ei skjør greie dette, eg kan ikkje sleppe andre inn. Eg har ei aning om kva eg vil med den melodien, då kan ikkje andre koma inn og kludra det til berre for at det skal rima likesom. Eg er ikkje så smart, må sitja for meg sjølv og fila. Må bruka den tida eg treng, henta ting inn att. Det tek ofte lang tid.

Eit halvt år

Som eit døme viser han til at det tok han eit halvt år å gjera songen «Fatig ferdamann» ferdig.

– Eg er rett og slett ikkje så kjapp. På gymnaset lika eg å sitja for meg sjølv med lekser, eg likte å kunne henta opp att ting. Dei kjappe vinn ofte eller alltid i Trivial Pursuit, til dømes. Men det er ikkje dermed sagt at dei har mest vit i skolten. Eg er ikkje så kjapp, men eg har litt vit i skoten, men brukar gjerne tid på å få det fram. Då må eg sitja for meg sjølv. Jakta på ei kjensle, den er viktig. Og den er du åleine om. Du skal ikkje skriva ei bok, likssom - berre få til nokre få linjer- men dei må stemme, desse linjene.

Odd pleier ikkje vise teksten eller framføre noko før han er ferdig med ein ny sang. Teksten til «Fatig ferdamann» til dømes, var det Henrik Mestad som høyra først.

– Etter at eg las teksten til han, og han reagerte som han gjorde, og sa kor bra han tykte det var, vel - då visst eg at eg hadde truffe.

Artikkelen held fram under annonsen.

23 vart åtte

Elles er samarbeidet med Kåre Christoffer Vestrheim viktig for Norstoga. Denne gongen sende han over 23 låtar.

– Det er Kåre som vurderer låtane og som eg lyttar til når me bestemmer kva åtte som blei med på plata. Dei andre kan bli aktuelle å gjera noko med seinare, seier Odd som utan vidare vedgår at han er priviligert. Og han misunner ikkje unge artistar som skal opp og fram i dagens situasjon. Men han har kanskje endå meir sut for idrettsutøvarar som har eit mykje kortare vindauge å bli gode i, då er det tragisk om eit OL blir avlyst.

– Er du artist heilt til botn så kjem det fram før eller seinare, uansett.

– Men korleis ser du på den tida som kjem, og korleis leva med og under korona?

– Eg trur at 2019 var det største året me hadde med musikkprouksjonar og festivalar. Me har aldri vore nærmare den verkeleg store internasjonale standarden. Eg er litt bekymra for at det kan ta litt tid å koma dit att. Det som går bratt ned, går gjerne litt saktare opp att, trur han.

Vil framleis vekse

– For min eigen del no, handlar det om å gjera det beste ut av det. Det handlar om å tilpassa seg, liggja litt låg i terrenget, gjere det me må under det gjeldande regimet med smittevern og liknande. Men etter det har eg store planar - kanskje uforskamma store planar. Eg er ikkje ferdig med å vekse som artist. Heller ikkje når det gjeld storleik på produksjon eller band. Eg tenkjer å utvikla meg mykje enno. Og eg låner gjerne orda til min gamle manager: Du må altid planleggja for suksess, så blir det som det blir, ler Odd som brukar sine gamle heltar som Åge Aleksandersen, Ole Paus og Bjørn Eidsvåg som døme : Dei er eller nærmar seg 70 og har aldri vore større.

– Til slutt - kva er draumen til fatig ferdamann?

– Det er likssom slik at det handlar om han fyren der - og hans plass i det store biletet. Eg har gått litt filosofisk til verks, i den skikkeleg store verda veit du at du er så liten, at du kan så lite og så går du der langs livets landeveg. Du e ikkje nøvdendigvis fattig på pengar, men me er enkle vesen, med store draumar og så må me, også ferdamannen, berre innsjå at me nok aldri får svar på alle dei verkeleg store spørsmåla i livet, seier ein filosofisk Odd Nordstoga.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Odd Nordstoga har aldri vurdert å droppa dialekta. Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Odd Nordstoga trivst godt i hovudstaden, sjølv om det ikkje er ofte han er i sentrum, som her på Youngstorget.Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Odd Nordstoga er aktuell med ny og spennande plate.Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Odd Nordstoga er aktuell med ny plate.Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Odd Nordstoga er ute med ny plate og har store planar for framtida. Foto: Jan Inge Fardal /NPK