«Brente strenger»: Bandet «Brente strenger» deltok i UKM med «The other way».

Frå folkemusikk til rock på kulturskulekonsert i Nissedal

Det er tid for ungdommens kulturmønstring (UKM) rundt omkring i landet, men i Nissedal har det ikkje vore så populært å delta i mønstringa. I år var det berre to deltakarar, men fredagens kulturskulekonsert vitnar om det likevel er mange unge musikktalent og ikkje minst musikkglede hos dei unge i bygda.

Eitt av dei to innslaga som deltok i UKM var bandet «Brente strenger». Dei deltok med den sjølvkomponerte låten «The other way».

I «Brente strenger» imponerte Mia Espelid på vokal, Frantz Berggren og Knut Haugsjå på gitar, Roger Mei på trommer og Johannes Fjalestad Grundt på bass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fin song: Julianne Solli Homme sang «Cool rider.»

Julianne Solli Homme deltok også på mønstringa med ei fin framføring av «Cool rider» kjent frå filmen Grease. Om det er nokon som går vidare til fylkesmønstringa i april blir kjent i neste veke.

Kulturskulerektor, Rune Sanden, fortel at sjølv om det ikkje er så mange av ungdommane som vil delta i UKM har dei lyst til å ha kulturskulekonsert, og det var mange som var på scena i løpet av fredagskvelden.

Les også
Sjå fleire bilde frå kulturskulekonserten i Nissedal

Fleirbrukshallen i Nissedal var fullsett, og dei unge artistane tok imot jubel og ivrig applaus, trampeklapp og fekk med seg publikum på allsong.

Den lokale nyskrivinga av AC/DC sin «Highway to hell» slo godt an i Nissedal. Det var den unge trommisen Vetle Winter Pettersbakken som ville spele den kjente rocke-slageren, men Sanden var noko skeptisk til val av låt på grunn av songteksten.

– Eg ville skrive om teksten litt, men Vetle var ikkje veldig begeistra for det. Då eg forklarte han kva teksten betydde, sa han ok då, fortalde Sanden til latter frå publikum.

Slik vart «Motorveg Treungen-Nissedal» til, ein tittel som gav god klang i Nissedal, og det var heller ikkje vanskeleg å få med seg publikum på refrenget.

Fersk på trommer: Vetle Winter Pettersbakken på trommer, spelte saman med kulturskulerektor Runde Sanden og lærar Martin Krause.

Det var utruleg stor variasjon i dei musikalske innslaga på konserten. Bandet «The Haugsjåsunders» hadde skrive ein morosam låt med tittelen «Ja, vi elsker taco», konserten skulle jo trass alt vere på ein fredag. Det var folkemusikk og rock, klassikarar som både foreldre og besteforeldre kan hugse frå ungdomstida, og nyare musikk som Astrid S sin «My favourite part of me».