Ti nye episodar: I den nye sesongen av Fotobonden kjem ein både ut i villmarka og inn på tunet til Jostein Hellevik og Maj-Lena Knudsen

Fotobonden inviterte til førpremiere og urframføring på Døli gard

NRK lovar både spektakulære naturopplevingar og kvardagsliv i den nye sesongen av Fotobonden. Rett over nyttår kjem det ti nye episodar.

For 15 år sidan flytta Maj-Lena Knudsen og Jostein Hellevik til garden Døli i Skafså. Maj-Lena er hundetrenar og Jostein er tilretteleggjar for naturfotografar. Den fyrste serien om Fotobonden, som gjekk på NRK i 2020, er selt til fleire land og mottok to Gullruter. No er det klart for sesong to i den populære serien.

Villmark og kvardagsliv

– Det handlar om å følgje draumen, seier Lise-May Spissøy som har vore prosjektleiar for Fotobonden 2 i NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho trur mange fantaserer om å hoppe av kvardagen for å realisere noko ein drøymer om. Maj-Lena og Jostein har gjort det. Dei lever litt annleis enn det heilt alminnelege, og nettopp dette meiner NRK at det er viktig å vise fram. Spissøy håpar folk vil kjenne seg igjen i noko av det paret på Døli gjer og står for.

– Dersom ein blir kjent med dei som lever litt annleis blir det spennande. Og når alt kjem til alt så er me vel ikkje heilt alminnelege nokon av oss, seier prosjektleiaren.

Ho lovar både kjærleik og humor i denne sesongen, der me kjem tettare på hovudpersonane, inn i livet og kvardagen deira. Her blir me tatt med ut i villmarka, men også inn på tunet. Å følgje draumen har også ein pris. Dette vil kome fram i sesong to.

Takka for samarbeid: – Dette har vore eit lystprega prosjekt frå ende til annan, seier Lise-May Spissøy som har vore prosjektleiar for Fotobonden 2 i NRK. Her saman med Jostein Hellevik, Anita Hultgren og Odd Nordstoga.

Musikk av Odd Nordstoga

Odd Nordstoga har laga musikken til denne sesongen av Fotobonden.

– Når det skulle bli laga ein slik serie frå naturen i Vest-Telemark, så tenkte eg at det måtte vere ein frå Vest-Telemark som laga musikken også, seier Nordstoga.

Og ifølgje produksjonsteamet i NRK har han klart å skape akkurat dei kjenslene dei var ute etter. Han har fått hint om kva dei ynskte seg, av stemningar til vårløysing, til avskjedar og håp. Han har blitt godt kjent med hovudpersonane i serien, og fekk også sjå ein del klipp før han sette i gang. Nordstoga meiner at dei i serien leitar etter det opphavlege. Det er også tema i låten han har laga særskilt til denne serien. Nordstoga er godt fornøgd med å lage musikk der han som person ikkje blir i fokus.

– Eg byter gjerne plass med eit ekorn, for å seie det slik. Eg likar det at folk heller kan sjå på flott natur, enn på meg, medan dei høyrer på musikken min, fortel han etter urframføringa av den nye låten.

Ny låt: Odd Nordstoga har laga musikken til serien. Her framfører han låten «Alt slik det var laga».

– Det er me som bur her som skapar bygda

Jostein Hellevik meiner Vest-Telemark er full av moglegheiter, om ein berre klarar å sjå dei. Sjølv meiner han at han bur på verdas beste plass, og han undrar seg over at ikkje fleire vel å bu i denne kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tokke er i særklasse når det gjeld mangfald av natur. Det er vanvitige rammer her, og alt er så ekte, fortel han ute på det snødekte tunet i Skafså.

Nyleg har han hatt besøk av BBC som har laga ein serie med naturbilete frå Tokke. Men det er likevel folka og fellesskapet Jostein er mest oppteken av. Han meiner det er mykje bra folk i Tokke.

– Det er me som bur her som skapar bygda. Dersom me er rause og imøtekomande så blir bygda mykje trivelegare, seier han.

Stemningsfullt

Hellevik hadde lova nysnø og jolestemning til førpremieren av Fotobonden 2, og heldt det han lova. Med snødekte grantre mot gamle tømmerveggar ynskte han velkomen. På eit lerret på tømmerveggen blei det vist klipp frå den nye sesongen, og på låvetrappa framførte Odd Nordstoga sin nyaste song, Alt slik det var laga. På tunet var naboar, vener og alle som har vore med å produsere serien samla.

3. januar er alle invitert inn på tunet på Døli. Då kjem fyrste episode av Fotobonden 2.

Døli gard: Naboar, venner og dei som har produsert serien var invitert på førpremiere og urframføring på det snødekte tunet.