Møsstrendingar: På biletet ser me oppe f.v. Jon Hove, Odd Lien, Bjørg Lien, nede f.v. Olav Løvås, Trygve O. Vaagen og Jon Hamaren.

Fortel om møte med møsstrendingar

På temakvelden 15. oktober på Raulandsakademiet vil Kjell Bitustøyl syne bilete og fortelje om møte med eit knippe møsstrendingar.

Heilt sidan slutten av 1950-åra har Kjell Bitustøyls familie besøkt Møsstrond, og særleg gjekk turen til slektningane på Argehovd. Åsmund Løvås d.e. (1882-1974) var halvbror til bestemor til Kjell, Gunnhild Bitustøyl, f. Lauvås.

Opp gjennom åra har Kjell gjesta Argehovd mange gonger, og seinare òg med ærend til dei andre gardane på Møsstrond, særleg på 1980-talet då han registrerte hus bygd før 1900 for Vinje kommune, SEFRAK-registreringa der han hadde ansvaret for Vinje sin del av Hardangervidda inkludert Møsstrond. Det var i kjølvatnet av dette arbeidet han byrja å interessere seg for Møsstronds historie meir generelt, difor gjorde han òg nokre intervju med folk. Dette blei det meir av, bl.a. då han hadde ansvaret for Folkemusikkinnsamlinga i Telemark. Fleire bokprosjekt har òg handla litt om Møsstrond: «Reinen på Hardangervidda» frå 2012 og boka som kom til Rauland kraftlag sitt 75-års jubileum i 2015. No har han valt ut eit knippe møsstrendingar som han vil vise bilete av og fortelje om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter temadelen blir det som vanleg kaffi, kaker og tid til røur i kantina, melder Rauland historielag som arrangerer temakvelden.