Stolte: Kultursjef Anne Margrethe Espelid (t.h.) og ordførar Halvor Homme hylla Marta og Jørgen Solberg framfor eit stort publikum.

Før DDE gjekk på scena hadde ordføraren ei overrasking på lur: – Me ville fortelje Jørgen og Marta kor stolte me er

Nissedal-ordførar Halvor Homme lo godt då Jørgen Solberg for 25 år sidan fortalde at han hadde lyst til å arrangere festival i Treungen med tusenvis av besøkande.

– Den latteren angrar eg bittert på, seier Halvor Homme.

I dag er han ordførar i Nissedal. Då var han gjest på den vesle samlinga av folk på Brufestivalen i Heimdalsgrenda, utan særleg tru på Solberg sine planar. Det tok fem år før Jørgen Solberg arrangerte den fyrste Treungenfestivalen. I år er festivalen 20 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han har verkeleg motbevist meg, med eit enormt pågangsmot har han vist at han kan få til akkurat det ein vil, seier Homme.

– Og så er det jo alltid slik at ein ikkje får til noko slik utan ei sterk kvinne med seg, legg han til med eit smil.

Les også
«Kjære Jørgen! Takk for at du arrangerer festival!»
Les også
Treungenfestivalen fyller 20 år. Sjekk den gode stemninga

Gjer noko med oss alle

Det var bakgrunnen for at Nissedal kommune torsdagskvelden på festivalen ville setje litt ekstra pris på Jørgen Solberg og kona Marta Kochalska Solberg. Med god hjelp klarte kultursjef Anne Margrethe Espelid og ordførar Halvor Homme å overraske ekteparet før DDE gjekk på.

Frå scena heldt ordføraren tale og det blei også delt ut blomar og ei reisegåve.

– Me ville fortelje Marta og Jørgen kor stolte me er!

– Det kjem så mange menneske til Treungen, og tilbakemeldingane er utruleg flotte. Folk kosar seg i Treungen. Det gjer noko med oss alle, seier Homme om den offentlege hyllesta av dei to.

Han seier det lett kan bli fokus på små problem som trafikk og støy når det kjem mange menneske til ein liten plass, men han er klar på at all positiviteten festivalen fører med seg trumfar dette mange, mange gonger.

– Det er det viktig å vera tydleg på, meiner ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk jubel

Han har vore på dei fleste festivalane. Dei siste åra som ordførar og samarbeidspartnar til festivalen.

– Eg er ikkje på så mange festivalar, men det må vera noko heilt spesielt med Treungenfestivalen. I går fekk eg – ein politikar på scena – jubel. Kva fekk eg jubel for?! Det er så god stemning og det er eit kjenneteikn på festivalen.

– Korleis trur du framtida til Treungenfestivalen er?

– Jørgen satsa for nokre år sidan som ein villmann og hadde 50 band på festivalen. Han bruka alt av pengar på band. Men det var ein tydeleg plan bak det. Standarden med store band er fundamentet, seier Homme.

– Eg har veldig stor tru på framtida og konseptet med musikk som appellerer til store masser, legg han til.