Kultur

Folk strøymer til kinosalane for å sjå filmen til Jo Vemund

Folk strøymer til kinosalane for å sjå filmen til Jo Vemund

«For vi er gutta» blir vist på kinoar over heile landet i desse dagar. Dokumentaren om dei siste dagane ein kreftsjuk dirigent hadde saman med sitt kjære mannskor har rørt ved mang ei hjarterot. Jo Vemund Svendsen (29) frå Åmot har debutert som regissør. Viss ein ser bort frå alle filmane han og «gutta fra Vinje» laga i barndomen, då.

«Vi er da Mannskoret. Vi liker å synge, og vi liker å drikke øl. Vi har også i statuttene at vi skal synge i hverandres begravelse. Det blir litt stusselig for han nest siste, men…», seier Geir Schau i eit klipp frå traileren til kinofilmen «For vi er gutta». Han er ein av profilane i Mannskoret – eit kor DumDum Boys-vokalist Prepple Houmb starta i 2002 – som har øvd på Kampen bistro i Oslo kvar tysdag sidan.

For to år sidan blei det som var meint som eit spøkefullt punkt i vedtektene deira langt meir alvorleg enn dei hadde sett føre seg då dei skreiv dei. Venskapa i Mannskoret skulle vera livslange – dei hadde berre ikkje rekna med at død i gjengen skulle bli ein realitet så fort.

«De har jo i statuttene sine at de skal synge i begravelsene til hverandre. Og som det ser ut nå, så blir jeg førstemann.», seier Ivar Krogh Hovd vidare i traileren.

På dette tidspunktet nærma han, dirigenten i koret, seg slutten av ein tøff kamp mot kreften. Han hadde ikkje lang tid att, og kameratane i koret blei brått tvinga til å stå andlet til andlet med noko som er veldig vanskeleg å prate om. Kjensler og kjærleik. «Ekte vennskap. Ekte følelser. Ekte mannfolk.» står det øvst på filmplakaten.

I 2009 møtte Jo Vemund Svendsen frå Vinje Petter Sommer på journalisthøgskulen. Dei gjekk i same klasse, og blei fort sett saman som ein film-duo av lærarane. Dei såg at det var noko dei var gode på. Og ein duo skulle dei halde fram med å vera – i alle fall i teorien. Dei ville lage film saman. Dokumentar. Jo Vemund hamna i VG, Petter i NRK. Livet gjekk sin gang, medan dei gjekk og venta på eit prosjekt dei kunne hive seg over. Dei måtte i alle fall ha ei god historie å fortelje først.

Under ei vanleg lunsj-samtale i kantina på NRK Marienlyst våren 2016 fekk Petter Sommer høyre om kordirigenten til ein kollega. Han var dødssjuk, og hadde ikkje mykje tid att. Kollegaen song i Mannskoret, og Petter lytta med heile seg. Så ringte han Jo Vemund.

– «No har eg filmen me skal lage», sa han. «Kult, eg er med!», sa eg.

– Eg sa ja før eg visste kva ideen hans var, men det er fordi at han er eit unikum. Rett og slett. Ein berre veit at alt han tek i blir kvalitet. Petter fekk med dirigenten og koret, og så bruka me sparepengar og tok opp lån for å kjøpe kvart vårt kamera. Me bruka all fritida vår i tre månadar og berre filma, fortel Jo Vemund.

For to veker sidan hadde filmen premiere i Oslo. Det har blitt mange inntrykk sidan då. Filmen har fått strålande kritikkar.

Ti aviser har trilla til ein femmer på terningen. I Aftenposten skriv anmeldar Ingrid Åbergsjord: «For vi er gutta er en liten film om store følelser som fortsetter å berøre lenge etter at man har forlatt kinosalen. Det er også en av høstens morsomste kinofilmer. Det er fristende å kalle den en sjarmbombe fra Kampen.».

På Rjukan har kor-interesserte folk masa seg til ei framsyning på kinoen.

Tysdag førre veke sette dei den førebelse prikken over i-en då dei vann prisen for beste norske dokumentarfilm på Bergen internasjonale filmfestival.

– Eg var på hytta på Hvaler med ein kamerat og Petter var på hytta med familien sin. Me blei einige om at me prioriterte det etter travle dagar. Heldigvis er det ein kar frå koret som bur i Bergen, Gunnar Martinsen, som var der og tok imot på våre vegne. Eg trur han synest det var stas. Me har slutta å forvente ting, då. Me nådde målet vårt for fem–ti svingar sidan. Alt herfrå og ut er ein bonus. Når det er sagt så er det klart det var moro.

Stillbilde frå filmen - Hovudpersonen sjølv: Ivar Krogh Hovd.

Hovudpersonen sjølv:: Ivar Krogh Hovd.Foto: Stillbilde frå filmen

– På nivå med «Amadeus» og milevis framfor «Heftig og begeistret»

Denne dagen, ein fredag, sit Jo Vemund på ein kafé i Oslo og planlegg neste prosjekt. Han er full av energi og smilet sit laust. No skal han jobbe med UKM att, ein av jobbane han er aller mest glad i. Livet går vidare, men «For vi er gutta» er ikkje ferdig med å leve. Langt ifrå. Kvar einaste dag får Jo Vemund meldingar frå folk som har sett, grått og ledd i kinosalar over heile landet. Mange gonger har gjestene blitt sitjande att i salen og sett på rulleteksten som er passande akkompagnert av «Gutta» av Jokke.

Jo Vemund har ansvaret for facebooksida til filmen, der den lever vidare, og lyser opp når han viser fram meldingar dei har fått. Han elskar denne interaksjonen.

– Me deler innlegg og kommentarar me får, og så spreier det seg til nær og fjern. Det har vore heilt fantastiske tilbakemeldingar. Det er ganske magisk. Denne, til dømes:  «Dere har score på 8,2 på IMDb. Blant musikkfilmer er det nesten helt på nivå med «Amadeus» og milevis foran «Heftig og begeistret.». Det er så kult, det. Ein anna lyder: «Det er ikkje ein film, men ei oppleving.». Folk skriv så mykje fint.

– Klarar du å ta innover deg alt som skjer?

– Det prøvar eg verkeleg på, ja. Det eg sit att med er ei kjensle av å ha laga noko som er større enn meg sjølv. Så det er ikkje slik at eg tar inn tilbakemeldingane som eit bilde på kor flinke berre eg og Petter har vore. Me har jobba med dette i to og eit halvt år, og det er så mange involverte, så mange fasettar og delar av ein slik produksjon, at ein føler seg som ein del av eit større lag. Filmen er produsert av Fuglene AS, som er Kari Anne Moe og Gudmundur Gunnarsson. Martin Horntveth frå Jaga Jazzist er komponist. Det er mange ein kunne nemnt. Frå Ivars ja til premierefest, seier han.

Jo Vemund fortel om korleis det var å vera så tett på i ein så sårbar situasjon. Om korleis det er den ekte historia som gjer filmen god.

– Petter fekk ja-et frå Ivar. Ivar, som Petter, var ein nerdete perfeksjonist. Dei fann mange fellesnemnarar. Dei var glade i flugefiske og andre sære greier. Han hadde nokre inngangar, så dei fann tonen – bokstaveleg tala.

Lovorda om dirigent Ivar er mange. Kameratane i koret elska han. Det tok ikkje lang tid før Jo Vemund og Petter forstod kvifor.

– Ivar var ein nysgjerrig fyr som lika å hive seg ut i nye ting. Tøff og modig. Og så trur eg han såg konturane av kva denne filmen kunne bli. Tidleg. Ivar var musikk- og songlærar ved Rud vidaregåande skule i 20 år. «Å sjå folk» var læresetninga hans, og alle elevane me har snakka med fortel at det var nettopp det han gjorde: Han bekrefta dei og såg heile mennesket. Det er noko å strekke seg etter. Måten han møtte døden på er også inspirerande; han gjorde rett og slett det han elska – heilt til det aller, aller siste. Han var med koret så heilt til det siste som ein får det.

Odin Jæger - Regissørane:  Jo Vemund Svendsen og Petter Sommer på premiere på Klingenberg kino.

Regissørane: : Jo Vemund Svendsen og Petter Sommer på premiere på Klingenberg kino.Foto: Odin Jæger

I Vestby med familien

Fyrste opptaksdag var 3. april. Gravferda til Ivar var 2. juli. Jo Vemund og Petter fekk tre månadar med opptak, der Ivar levde i berre to og ein halv av dei.

– Det er ekstremt komprimert, dette her. Det gjekk frå å vera ei kjensle av at det kanskje kunne bli eit fem minuttar langt NRK-innslag om ein mann som skulle døy av kreft, til heller å bli ein kinofilm om ein mann som lever til det fulle. Me skaffa oss tillit og tilgang, og så var det verkelegheita som leverte det som gjer forteljinga bra. Me har jo berre vore til stades, på eit merkeleg vis.

– Korleis var det å vera vitne til det, då?

– Alle mine fire besteforeldre var på premieren. Eg er velsigna med lite eller ingen død i nær familie eller blant vener. Så slik sett var dette mitt fyrste møte med døden nesten. Det var veldig tett på.

Jo Vemund var mykje heime hjå familien til Ivar i Vestby. Hjå kona Marit, dottera Lotte og sonen Sivert.

– Me braut jo inn i eit familieliv der dei var på sitt mest sårbare. Den mest alvorlege fasa ein småbarnsfamilie kan vera i. Det er så klart kjempesterkt. Me filma kvardagssituasjonane. Kveldsmat. Dei er tona veldig ned, noko som er heilt bevisst. At nokon skal døy av kreft er diverre ein veldig uoriginal filmidé, og du skal ikkje vise så mykje familieliv før dei som har vore gjennom det skjønnar omfanget. Det handlar om å ikkje gjera for mykje ut av det, ikkje grave inn i elendet. Det blir unødvendig vondt. Me har snakka mykje med dei undervegs, men alt er som sagt tona ned. Kona er kanskje ein av dei aller sterkaste karakterane i filmen. Sjølv om ho seier veldig lite.

Når han har filma desse situasjonane har han vore glad for å ha eit kamera mellom seg sjølv og dei. Det blir som ein beskyttelse, forklarar han.

– Du må nesten ta litt avstand som eit slags sjølvforsvar når du er så tett på nokon. Eg hadde jo aldri stått der i det rommet og berre sett på. Då hadde eg vore gal. Kameraet hjelper litt. Ein fangar berre verkelegheita, og blir ein slags forlenging av kameraet. Nokon må vera der og trykke på rec, rett og slett.

Familien til Ivar synest det var litt rart å skulle bli filma. Men Ivar hadde lyst. Han ville setje spor. Han var veldig open om korleis det var å skulle døy, og han døydde som han levde.

– Han var klar på at han ville dette, og då ville familien og koret òg. I dag har me framleis veldig god kontakt med dei, og det er fint, for då kan ein snakke gjennom ting i etterkant. Der og då er det ei intens boble som er så tett og ekte. Nokon gonger kjem du altfor tett på, og det har vore mykje me måtte skrelle bort. Me hadde 160 timar med opptak etter dei tre månadane. Det har blitt 74 minuttar til slutt. Me har sett gjennom alt, og sett gjennom alt av arkivmateriale frå korets 15 år lange historie. Det har vore ein stor, men veldig morosam jobb.

Tidleg i sommar såg familien og koret eit av dei siste utkasta av filmen, om lag halvannan månad før den blei ferdigstilt.

– Me har hengt mykje med dei, og me var spente på kva dei syntest. Måten fellesskapet i filmen taklar døden på, og Ivar særleg, er med masse humor. På familievisninga sat brørne til Ivar og lo av fleire scener. Etterpå mimra dei og sa at det var i Ivar si ånd. Det er det beste skussmålet me kunne få. Familien stilte seg bak det og koret gjorde det same etterpå. Viss me hadde laga ein film dei me hadde brote inn i privatlivet til ikkje likte, så hadde det vore katastrofe. Då kunne me ikkje vist den.

– Koret opplevde kanskje at historia var større enn dei sjølve, på same måte som eg føler det. Og på sett og vis at dei var glade for å få vera ein del av det. Ingen begynte å pirke på detaljar eller på korleis dei som enkeltindivid tok seg ut. Ingenting. Eg trur berre dei var stolte. Me har nokre visningar der nokon av dei skal vera med framover. Då reiser me rundt og pratar om filmen. Dei mista ein kompis og lærte masse. No er det foreviga. Det er deira forteljing.

Stillbilde frå filmen - Dirigenten:  Ivar Krogh Hovd var Mannskoret sitt naturlege midtpunkt.

Dirigenten: : Ivar Krogh Hovd var Mannskoret sitt naturlege midtpunkt.Foto: Stillbilde frå filmen

Tøffe mannfolk og kjensler

For sjølv om familien er ein stor del, er det i hovudsak Mannskoret filmen handlar om. Venskapen mellom tøffe mannfolk.

– Det er eit tøft mannsfellesskap. Du må kjenne tre i koret for å bli med, og det er fleire kjente andlet. Dei hadde ikkje sloppe noko media inn på øvingane sine på fjorten år, og gudane skal vita at dei har fått mange tilbod. Dei lever liv der dei byr så mykje på seg sjølve, så dei har desse tysdagane nettopp for å trekke seg tilbake. Me hang på dei i ein periode der koret endra seg. I ein periode der desse tilsynelatande tøffe mannfolka blei nøydde til å førebu seg på at ein kompis skal døy. Det gjer noko med heile gruppa, sjølvsagt. Koret som karakterar i filmen går gjennom ei endring. Menn og kjensler, veit du. Dei må sondere seg fram og ta det litt etter litt. Ivar forstod vel at det kom til slutt.

Jo Vemund fortel at sjølv om Ivar sitt ja var tilsynelatande enkelt å få, så var det litt verre å overtale resten av koret.

– Det har gått rykte om at nokon av dei sa: Viss filmen blir dårleg så veit me kvar dei bur, ler Jo Vemund.

– Dei har eit styre og ein styreleiar, så då dei fyrst tok slutninga så stilte alle seg bak. Men eg veit at ikkje alle var så interesserte i starten. Sjølvsagt. Det er frisona deira.

Til saman var Jo Vemund og Petter med på ein stad mellom åtte og ti øvingar, i tillegg til tre–fire konsertar.

– Me hang med dei så mykje me kunne. Me var mykje heime i Vestby med Ivar og familien, og me gjorde ein del intervju med to og to i koret. Då me talde over landa me på at me hadde hatt nittini opptaksdagar. På tre månadar. Det går nesten ikkje an. Det var intenst.

– Du berre jobba og jobba og tenkte ikkje heilt over kva du var med på?

– Ja, det trur eg. Du forsvinn litt inn i det. Det er det som er så rått med å lage dokumentar i staden for fiksjonsfilm. Det er ikkje «based on a true story». Det er ein «true story». Då me var på filmhausten der dei presenterte norske filmar for hausten  hadde me den einaste dokumentaren. Dei andre er så klart gode og velskrivne filmar som rører folk, det er ikkje nokon tvil om det, men etter dette har eg fått så mykje respekt for kva dokumentarsjangeren kan vera. Det blir så mykje meir ekte. Me har laga denne filmen på ein måte som er nedpå og usentimental, og strippa for ein del storslåtte filmatiske grep. Me trykker ikkje hardt, me berre lar deg bli med inn for å observere.

– De treng vel på ein måte ikkje trykke så hardt her.

– Det er akkurat det. Det handlar heller om å finne ein balanse og la songen gjera jobben. Eg føler meg veldig heldig som har fått lov til å bli så godt kjent med denne sjangeren, for det er ingenting som slår den. Eg vil gjerne lage fleire.

Viss historia er god nok, påpeiker han, før han fort legg til: Men det veit ein jo ikkje før ein har prøvd.

– Denne filmen er jo berre ein serie av to år med kryss og vegval. Tilfeldigheiter. Det er litt som gambling, ein må berre hoppe på og håpe at det blir bra.

– De trefte ganske godt på fyrste forsøk, då?

– Ja, det vil eg seie. Me har aldri gått så all-in som her, då. Me kjente på oss at dette var ei viktig historie, og så blei den til etter kvart som me gjekk.

Sjølv om Jo Vemund og Petter var trygge på at filmen hadde blitt så god som den kunne bli då dei sa seg ferdige i sommar, etter to og eit halvt år med arbeid, var dei likevel nervøse før premieren på Klingenberg kino i Oslo onsdag for to veker sidan.

– All logistikken rundt premieren døyvde nervane litt. Samstundes hadde me vist den til koret og familien, og dei lika den, og det var det viktigaste.

Privat - To av «gutta fra Vinje»: Eivind Øygarden (t.v.) og Jo Vemund Svendsen i kreativ utfolding i byggefeltet.

To av «gutta fra Vinje»:: Eivind Øygarden (t.v.) og Jo Vemund Svendsen i kreativ utfolding i byggefeltet.Foto: Privat

«Gutta fra Vinje»

På premieren hadde han med seg heile familien sin – og «gutta fra Vinje». Som forresten til og med er krediterte i rullteksten: «En spesiell takk til gutta fra Vinje», står det. Dani Boon, Tarjei Helle, Bjarne Tjønnhaug, Anders Hagen Ringhus, Eivind Øygarden, Markus Tobiassen og Morten Bråstøyl.

– Eit prosjekt som dette blir altoppslukande, og dei har høyrt mykje om filmen undervegs. Me har budd i Oslo heile gjengen medan eg har jobba med dette, så dei har vore ei stor støtte. Audien til Bjarne er òg kreditert, faktisk. Den lånte eg fram og tilbake til Vestby. «Bjarne Tjønnhaug og hans Audi», står det. Eivind «Ivan Ave» er jo engelskspråkleg rappar, så han oversette nokre dokument for oss då me skulle gje dei til ein tysk TV-kanal. Alle har bidrege på sitt vis.

Jo Vemund vaks opp i eit stort hus midt i byggefeltet i Åmot – 24 rom stort, for å vera eksakt – omgitt av gode kameratar og store moglegheiter til kreativ utfolding. I kjellarstova laga dei TV, radio og teater. Saman med «gutta fra Vinje» laga han filmen «Hardt Miljø» til UKM. Dette var berre den fyrste av mange. Frå han var ti-elleve år gamal laga han film saman med kameratane sine. For konfirmasjonspengane sine kjøpte han seg eit kamera. I skisenteret i Rauland valte han å gå i løypene utan ski på beina og filme kameratane som gjorde tøffe triks.

– Dei skulle brife med backflips og eg var pissredd og syntest ikkje det var noko moro. Igjen var kameraet min tryggleik. Min måte å kommunisere på. Det har eg tenkt på i etterkant, at det har vore ein måte å ta inn verda på veldig lenge. Me har ein video på Vimeo som heiter «Da Ringhus falt». Det handlar om at Anders Hagen Ringhus trynar på eit stort hopp. Den kan eg sende deg, seier Jo Vemund. (Han gjorde det. Den var morosam.)

– Eg har berre gode minne frå Vinje når det gjeld det der. Å få lov til å berre vera. Det var mange prosjekt, nok ein kunne skape. Det gjeld kanskje for heile Vinje, i alle fall gjorde det det i den gjengen eg vaks opp i, at me var veldig skapande. Det var ein energi som måtte ut ein stad, og at den hamna på eit kreativt spor er eg veldig glad for. Kulturskulen, hardingfelespeling, UKM, barneteater i Skien. Ein blir sett inn i nokre rammer der ein får trua på seg sjølv. Det er kult, seier Jo Vemund.

Til premieren på «For vi er gutta» hadde han invitert Otto Beite som var regissøren hans i Telemark barne- og ungdomsteateret i Skien og Kjell Stundal frå Telemark musikkråd, som han omtalar som sin «UKM-far».

– Eg takka dei eksplisitt for at dei skapar arenaer der dei tek unge menneske og set dei ut i store oppgåver. Å vera Shere Kahn eller Karius framfor 800 menneske på Ibsen-huset gjer noko med deg. Og du kjem inn i eit miljø med mange likesinna. Det er tusen synergieffektar. Det er ein grunn til at eg sit med UKM no og framleis jobbar med akkurat det same. Det er ein av dei jobbane eg har gleda meg mest til å returnere til, for  å jobbe med ungdom mellom 13 og 18 år er så givande. Det skal så innmari lite til for ein vaksen person med overskot å gje nokre unge trua på seg sjølv. Det er veldig verdifullt. Der ligg det ein motivasjon for å halde fram, fordi det er så mange som har vore dei personane for meg opp gjennom åra. Difor er det litt ekstra kult at filmen vår skal setjast opp på Vinjehuset 12. november. Det betyr mykje. Det er heilt rått, faktisk, seier Jo Vemund.

Ein annan mann som tidleg var med på å gje Jo Vemund trua på seg sjølv var òg til stades på Klingenberg kino; Asgaut Bakken frå Bøgrend.

– Han var mitt første mannlege førebilde etter min far, for han var barnehageonkelen min i Hakkespetta barnehage i 1993 og 1994.

Asgaut har endå ei tilknyting til filmen. For to år sidan, etter at Jo Vemund og Petter var ferdige med å filme, begynte han sjølv å synge i Mannskoret.

– Det var ingen telemarkingar i koret då me filma, men no er Asgaut der. Ein vesttele attpåtil, seier Jo Vemund med eit smil.

«For vi er gutta» - Plakaten: Ekte vennskap. Ekte følelser. Ekte mannfolk.

Plakaten:: Ekte vennskap. Ekte følelser. Ekte mannfolk.Foto: «For vi er gutta»

Noko som skal leva evig

Det er ikkje berre i sosiale medium at filmen kjem til å leve vidare. Jo Vemund kan avsløre at den kjem til å få eit internasjonalt liv i 2019. Den er alt selt til tysk og fransk TV, og det er interesse frå Sverige, Finland, Island og Australia. Han og Petter skal ta den med på festivalar neste år. Satse på dei største dokumentarfilmfestivalane.

– Me satsar stort, me gjer jo det. Med vår franske salsagent, som sit i Paris, ler han.

Det er ei ny oppleving for Jo Vemund å lage noko som alltid kjem til å eksistere. I P4 er det «sendt er glemt» som gjeld, og på VG rasar du nedover på fronten.

– Eg føler at eg har vore med på viktige ting der eg har dekt store nyheitssaker, til dømes, men dette er noko som er større enn meg sjølv og noko som kjem til å bli ståande som tidlaust. Filmen skal gå på NRK neste haust, og den kjem nok til å hamne digitalt ein eller annan stada. Denne historia er ikkje gamal om tjuge år. Det er ein tidsvitnesbyrd om noko som skjedde i 2016. Det er fint å tenke på. Lenge etter at eg er død så lever denne forteljinga.

– Og så må eg seie at det er veldig rart når ein plutseleg får terningkast på ting ein lagar. Det har eg aldri fått før. Det gjekk jo heldigvis bra, da. Det hadde vore verre viss nokon skreiv at filmen gjorde verda til ein dårlegare stad, då hadde eg nok gått tilbake til å gjera noko anna, altså, ler han.

Forutan vidare jobbing med «For vi er gutta» går kvardagen sakte, men sikkert tilbake til det vanlege. Jo Vemund har i fleire år jobba som frilansjournalist, og ser ikkje for seg at suget på livsstilen han har blitt så glad i skal gje seg med det første.

– Eg føler meg veldig heldig, for eg er frilansar med nok av tilbod. Eg har oppsøkt ein fridom, og eg opplever at den fridomen er vel verdt å bevare. Så eg er ikkje på jakt etter fast jobb eller noko. Tanken på at alt kan skje når som helst triggar meg. Det å alltid vera klar for å hive seg rundt og setje i gang med eit prosjekt ein har trua på er litt kult.

Men aller først skal Jo Vemund roe litt ned. Viss ein kallar det å vera toastmaster i eit bryllaup med 200 gjester for å roe ned. Noko Jo Vemund gjer. Når ein set det opp mot å vise fram ein film ein har jobba med i over to år til mange tusen menneske kan ein kanskje på sett og vis forstå det.

– Det blir mykje for ein liten gut frå Vinje, dette.