Bokaktuell: Helga Flatland er klar med sin sjette roman, «Et liv forbi».

Flatland klar med sin sjette roman

Den prislønte og kritikarroste forfattaren Helga Flatland frå Flatdal er i haust klar med sin sjette roman, «Et liv forbi».

Ifølge Aschehoug forlag handlar boka om legen Sigrid som bur i Oslo med barn og mann nummer to. Ho har vekse opp på bygda, og har eit anstrengt forhold til foreldra sine. Faren har vore sjuk og mora har investert mykje av seg sjølv for å pleie sin sjuke mann. Brått blir også mora alvorleg sjuk, og Sigrid må ta stilling til roller som skifter, og til spørsmål om tilknyting, forplikting og forsømming.

Flatland debuterte med romanen «Bli hvis du kan. Reis hvis du må» i 2010, som ho mellom anna fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Seinare har ho gjeve ut fleire romanar, og gav i 2015 også ut barneboka «Eline får besøk». Flatland har fått eit stort publikum, og har mellom anna mottatt Amalie Skram-prisen, Aschehougs Debutantpris og Ungdommens kritikarpris. «Et liv forbi» kjem i bokhyllene i starten av oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.