Mogen er nå open og klar for sommarsesong.

Fjellet er klart for sommargjester

Den Norske Turistforeininga melder om at sommaren omsider er komen til austlege Hardangervidda.

Mogen er ei av fleire turisthytter som står klare til å ta imot gjester, men ein må hugse å planlegge ekstra godt i år, ingen av hyttene vil nemleg huse «drop-in» gjester.

Må bestille

Uansett om du vil besøke bemanna eller ubemanna DNT-hytter må ein, av omsyn til smittevern, denne sommaren hugse å bestille på førehand. Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang seier dei har jobba hardt med å tilpasse seg nye rutinar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I år er det ekstra viktig at alle tar ansvar med å planlegge turen godt, bestille på førehand og følgje reglane som er fastsett. På den måten kan me sikre eit vidare ope tilbod slik at flest mogleg får tursommaren dei drøymer om, seier Klarp Solvang.

Spår god sesong

Trass i ein del nye tiltak spår DNT ein god sommarsesong. I ei medlemsundersøking svarte 66 prosent at dei ynskjer å nytte seg av DNT sine tilbod i løpet av sommaren.

– Skulle hytta du helst vil reise til vere full er det inga grunn til fortviling. Då har du ein gyllen moglegheit til å bli kjent i eit nytt område og sjekke ut nye hytter, seier Klarp Solvang

Mogen turisthytte opna 26. juni.