Fjelldans starta adventstida med joleframsyning

Fredag og sundag den første adventshelga var det igjen duka for framsyning med Fjelldans på Vinjehuset.

Denne gongen var det Prinsessa og jula som blei sett opp, og nesten 40 barn og unge var med. Mette Alvefoss stod for regi, manus og dansekoreografi, og er til vanleg danseinstruktør i Fjelldans. Bak scenen jobba iherdige foreldre på dugnad for å ro i land framsyninga, og hjelpe til slik at det hele gjekk litt småprofesjonelt for seg.

Prinsessa og jula er ei koseleg forteljing om ei prinsesse som vil finne snøen og joli slik at det skal bli hyggeleg på slottet igjen, og mora skal bli glad. Det har vore sorg i lange tider fordi kongen døde i krig, og den vesle prinsessa rømmer ei natt ut i skogen. Ho møter både tre-alver, englar og nissar på sin ferd, og som det plar i eventyr, ender også denne historia godt til slutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er eigentleg berre dans det blir undervist i på dei vekentlege øvingane i Fjelldans, men når det skal lagast framsyning, blir dansarane også skodespelarar. Gjerne fleire roller på ein gong. Det gjekk til tider varmt i kostyma og sminka som måtte av og på mellom scenene. Historia vekslar mellom skodespel og replikkar, og solodans og gruppedans. De eldste, mest garva ballettdansarane fekk prøve seg i soloar med tåspiss og tutú. Street-dansarane imponerte som rytmiske og skumle tre-alver, eller som rampete og morosame nissar og reinsdyr. Men kanskje var det for mange dei yngste som sjarmerte mest, som små snøfnugg, iskrystallar og snømenn. Resultatet blei alt i alt kjempeflott, og både på scenen, bak scenen og i publikum var det god stemning!