Konsert: Korpsmusikantar frå Seljord, Flatdal, Kviteseid og Hjartdal, strykargruppa frå kulturskulen, elevar frå folkehøgskulen og Seljord songlag sopa joli ut på Granvin. Foto: Tor Arve Vartdal

Fire korps, kor, kulturskulen og folkehøgskulen på scena då joli blei sopa ut

Det var fullt både i salen og på scena på Granvin i Seljord då joli blei sopa ut måndagskvelden.

Om lag 160 personar var på scena då korpsmusikantar frå Seljord, Flatdal, Kviteseid og Hjartdal, strykargruppa frå kulturskulen, elevar frå folkehøgskulen og Seljord songlag - tradisjonen tru - sopa joli ut med 20. dagskonsert i Seljord.

Det var selt meir enn 130 billettar til kveldskonserten.

Full sal: Mange ville få med seg 20. dagskonserten på Granvin. Foto: Tor Arve Vartdal
Sopa joli ut: Korpsmusikantar frå Seljord, Flatdal, Kviteseid og Hjartdal, strykargruppa frå kulturskulen, elevar frå folkehøgskulen og Seljord songlag sopa joli ut på Granvin. Foto: Tor Arve Vartdal
Konsert: Korpsmusikantar frå Seljord, Flatdal, Kviteseid og Hjartdal, strykargruppa frå kulturskulen, elevar frå folkehøgskulen og Seljord songlag sopa joli ut på Granvin. Foto: Tor Arve Vartdal