Fin bokstav: Helene Sveinsson (snart 10 år) har måla bokstaven sin på treplata, som også er dekorert med ekte gull.

Fingernemme ungar: Har dreia penneskaft, sauma pennal og måla med stein

Trur du at dei unge berre brukar fingrane sine til å skrolle på skjerm? Ikkje barna i Seljord som har dreia penneskaft, sauma pennal og måla med stein dei har funne og knust sjølve.

– Eg synest alt var ganske gøy, svarar Helene Sveinsson då me spør om kva som har vore artigast å drive på med.

Ung husflid, som er ein del av Seljord husflidslag, driv stadig med kurs for yngre deltakarar. Tidlegare hadde dei samlingar ulike stader, mellom anna på grendehuset på Seljordshei. Der talde dei i alt 65 møtande ungar på spikkekursa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kalligrafi: Anne Sigrid Bakkene Hjelmaas (9 1/2 år gamal) viser fram det ho har skrive med splitt, og penneskaft som ho sjølv har laga.

I samarbeid med kulturskulen

Etter at Seljord husflidslag i haust fekk leige den gamle rektorbustaden ved Seljord vidaregåande skule av fylkeskommunen, har dei eige forsamlingshus. Og det er her dei stolte ungane har utforska skapartrongen sin saman med instruktørane. Det seks veker lange kurset kom i stand som eit samarbeid mellom husflidslaget og Seljord kulturskule. Det er desse som lønar dei tre instruktørane Borghild Telnes, Gro O. Moen og Rut Fjågesund. For elevane er kurset gratis.

Samarbeid: Kurset har vore eit samarbeid mellom kulturskulen og husflidslaget. Frå venstre: Borghild Telnes, rektor i kulturskulen Anne Torunn Øverbø, Gro O. Moen og Rut Fjågesund.

Rektor i kulturskulen, Anne Torunn Øverbø, fortel at tilbodet hittil for det meste har vore innan musikk og teater.

– No vil me framover prøve å utvide tilbodet med denne type kunstuttrykk. Eg trur mange har ein trong for å utføre noko fysisk, seier ho.

I alt 21 barn var påmelde til kurset. Ungane blei delte i to grupper; dei minste frå 1. til 3. klasse, dei store frå 4. til 6. klasse. Sist veke var elevane klare til å vise fram produkta sine til foreldre og besteforeldre. Rut, som har hjelpt barna med å dreie penneskaft som dei seinare bruka i kalligrafi fortel at dei ivrige handverkarane var veldig stolte over det dei hadde produsert og at dei gledde seg stort til å vise det fram.

Kompetente instruktørar

Til dei fine penneskafta må ein sjølvsagt ha pennalhus. Veske til å ha skriveutstyret i har dei sydd sjølve, og dekorert, under instruksjon av Gro. Kalligrafien, skriftforminga, er det Borghild som har stått for. Fargelegginga av bokstavane er gjort med steinmåling.

– Mellom anna nytta me blodmalm som me fann i Hanakamjuvet i Seljord og blanda det med egg, som verkar som bindemiddel, forklarar instruktør Borghild.

Med fjørpenn: Helene Sveinsson skriv med fjørpennen av gåsefjør frå Holte gård i Drangedal.