Synnøve Strigen fekk mykje merksemd for tittelrolla i Synnøve Solbakken frå 1957. Foto frå filmen

Filmstjerna som hadde sine barne- og ungdomsår i Kviteseid

Det er skodespelar Nelly Synnøve Strigen Masst det her er tale om. Eller berre Synnøve Strigen som me i Kviteseid omtala henne med.

Namnet Masst har ho frå ektefellen Harald Masst som døydde for nokre år sidan. Synnøve er født på Ulefoss 15. februar 1934 av foreldra Klara og Ole Strigen.

Familien flytta til Kviteseid under krigen – om lag midt på 1940-talet. Fyrste åra budde dei mellom anna i Lundevallsgrendi – der Synnøve og broren Torbjørn gjekk på Lundevall Skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ole – far til Synnøve var skreddar og jobba med dette mesteparten av livet. Året 1948 sto eit nytt forretningsbygg med skreddarverkstad klart på Flatin. Der hadde Strigen fleire skreddarar i teneste. Det var skreddarane Torbjørn Andersen og Hans Johnsen frå Lårdal. Vidare var der og ein svensk skreddar som heitte Johan Hallberg. Dette bygget står i krysset mot Tveitgrend. I byggets andre etasje budde familien Strigen i fleire år. Det var like ved der eg – som skriv denne historia – budde. Torbjørn – bror til Synnøve – og eg, var like gamle og vart gode vener. Slik vart eg og kjent med foreldra og Synnøve. Ole Strigen hadde ein forretningspartnar som heitte Arve Aschim. Då Strigen seinare flytte til Seljord – kjøpte Aschim bygget – og i dag er det son til Arve – Bjørn Aschim som er eigar.

Me skriv nå 2019 og eg tenker at det hadde vore hyggeleg å treffe Synnøve for å lage eit intervju med henne. Eg ringer henne og ho er straks positiv til ei samtale. Me gjer avtale om å møtast på Ulefoss – der ho nå bur. Det er spesielt å møte att Synnøve etter så lang tid. Me helsa og veksla nokre ord med kvarandre under gravferda til broren Torbjørn for nokre år sidan, – der eg hugsar desse orda frå Synnøve: « Kviteseid, ja – det var ei fin tid». Men frå den korte samtalen den gong er det meir enn 60 år sidan me snakka saman. Det vart derfor eit spesielt og hyggeleg gjensyn med Synnøve.

Synnøve fortel at ho etter realskulen på Moen i Kviteseid søkte opptak på Statens teaterskole i Oslo. Der er det kvart år mange fleire søkarar enn det dei har studieplassar til – men Synnøve kom inn. Det var ei treårig utdanning. Etter enda studietid vart ho engasjera til fleire filmroller. Synnøve fortel at ho debutera som «Sonja» i «Reisen til Julestjernen». Det var i 1957. Synnøve var då 23 år. Karrieren i film og teater hadde starta.

Lærar Steinar Kvaale, Birger Jonsen, Johannes Hosum, Olav Hovdekleiv, Johan Lundeberg og Tallev Aabø Tredje rekkje frå venstre: Inger Dalen, Eldrid Nørstrud, Bjørg Nørstrud, Tone Hosum og Synnøve Strigen. foto Privat
I dag fyller Synnøve Strigen 85 år.
Karen Eikland (t.v.) og Synnøve Strigen ved Moen skule.

Den rolla som dei fleste i Kviteseid hugsar Synnøve for – er nok den ho hadde i filmen som Synnøve Solbakken. Denne filmen vart dramatisera frå den kjente romanen «Bondefortellinger» frå debuten til diktaren Bjørnstjerne Bjørnson i året 1857. Filmen vart spela inn nøyaktig 100 år etterpå – i Sverige – og hadde premiere 25. november 1957 – med Synnøve i hovudrolla. Andre medverkande var Gunnar Hellstrøm og Harriet Anderson. Som rådgjevar til denne filmen vart nytta Noregs fremste Bjørnson-kjennar – historikaren Francis Bull.

Synnøve vart fast tilsett på Nasjonalteateret i Oslo og hadde mange roller der gjennom mange år. Ho fortel at ho alltid var veldig nøye med å halde tida. Det var mange ting som måtte vera klart før kveldens framsyning skulle starte. Fyrst var det i frisørsalongen for å stelle håret, så var det ein tur til sminkerommet og til slutt til omkledingsrommet for å finne det rette kostyme. Alt måtte vera perfekt fortel Synnøve.

I ein periode på 7 år var Synnøve tilsett på Trøndelag Teater i Trondheim. Der hadde ho og mange forskjellige roller. Ho fortel at mannen hennar – Harald – som var lege, då arbeidde på St. Olavs hospital i byen.

Synnøve har nå husvære på Ringsevja Bo- og servicesenter. Me sit på rommet hennar i koseleg samtale – får servera kaffi og et sjokolade. Det som gjer det ekstra morosamt i samtala er at Synnøve plutseleg sluttar å snakke bokmål og gjeng over til Kviteseiddialekt. Dei gode barne – og ungdomsåri i Kviteseid har ho ikkje gløymt.

Eg har med 2 bilete frå tida i Kviteseid – til Synnøve – der det eine er av Karen Eikland og henne ved Moen skule. Då strøymer det gode minner fram om Karen som Synnøve seier var hennar beste venninne frå den tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg takkar for hyggeleg samtale og tek farvel med Synnøve.

Når dette intervjuet kjem på trykk i Vest Telemark Blad er datoen 15. februar. Dette er 85-årsdagen til Synnøve. Mange i Kviteseid som kjenner deg Synnøve – håpar du får ein fin fødselsdag på Ulefoss og ynskjer deg mange gode år vidare!

redaksjon@vtb.no