Jubilant: Mannskoret Ågapet blei skipa for 20 år sidan: Det blei feira i starten av oktober.

Festpynta songarar feira mannskoret Ågapet

Tjuge år er ikkje lang tid i historisk samanheng, men Ågapet ville likevel markere dette jubileet.

Det gjorde dei med å invitere publikum og kor frå Vest-Telemark til ein song- og musikkveld på kulturhuset Sundvang i Kviteseid. Medverkande kor var Tokke songlag, Seljord songlag og damekoret Fjellrøyst frå Øyfjell. Saman med 17 mann i Ågapet vart dette til saman heile 88 songarar.

Kvelden starta med at alle fekk servera sprudlande sider. Publikum og kora fann sine plassar og var forventningsfulle til det som nå skulle skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar i Ågapet, Edvard Evja, helsa vel møtt til publikum og alle songarane.

På signal reiste publikum og dei andre kora seg og song «Hurra for deg» med full applaus etterpå. Det var uventa og hyggeleg for karane i Ågapet.

Eit samandrag av konsertar Ågapet har hatt med andre kor og artistar vart fortalt. Største utfordring og oppleving var nok turen til London der koret song i Sjømannskyrkja på 17. mai 2007.

Dei som starta Ågapet for 20 år sidan var Tore Skaug, Dag Jørund Lønning, Svein Dag Midtsund og Nicolai Riise. Nicolai var òg korets dirigent dei fyrste 7 åra. Dirigent i koret heilt frå 2010 er Stanley Blackburn.

Ågapet starta konserten med å synge tre songar. Deretter var det Tokke songlag som framførte 3 songar.

Så var det tid for pause med kaffi og kake til alle. Då alle var vel forsynte var det tid for helsingar.

Vestfold og Telemark Korforbund med distriktssekretær Wenche Helgesen var invitert til feiringa. Ho fortalde om korforbundet og gratulerte Ågapet med jubileet og overrekte ein fin blomebukett. Damekoret Fjellrøyst gratulera deretter med ei korg full av godteri som koret kan kose seg med. Leiar Edvard takka dei båe for helsingane.

Så var det tid for damekoret Fjellrøyst som framførte 3 songar og deretter Seljord songlag som og framførte tre songar. Sidsel Evja hadde så eit morosamt innslag om mannfolk og song.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvelden vart avslutta med at alle 4 kora song «Så skimrande» av Evert Taube. Publikum reiste seg og det var full applaus.

Det vart eit vellukka 20-årsjubileum for Ågapet.

Ref. Arvid Syftestad (medlem av Ågapet)

Med på feiringa: Damekoret Fjellrøyst.
Songlag: Seljord songlag var med på feiringa.
Song: Tokke songlag bidrog også på festen.