Ny låt: Aasmund Nordstoga (t.v.) og Åsmund Reistad kjem ut med den nye låten Brunkebekken fredag 2. desember.

Aasmund og Åsmund feirar venskapen i ny vise

Aasmund Nordstoga kjem i dag, fredag, med ein ny singel. Låten er ei feiring av det nære musikalske samarbeidet han har hatt med Åsmund Reistad, som spelar gitar på «Brunkebekken».

Låten Brunkebekken, som av plateselskapet blir omtala som «ei livleg og livsglad vise», er opphavleg ei amerikansk folkevise, under namnet Cripple Creek. Hartvig Kiran omsette visa til nynorsk og gav ut denne på 1960-talet.

– Som folkeviser flest har den vore på vandring lenge – truleg frå Nord-Europa på 1800-talet til USA, og deretter attende til Noreg på 1960-talet, fortel Aasmund Nordstoga før han held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Brunkebekken er ei kjærleiksvise. Den handlar om ein som er på veg til kjærasten, og som vassar lystig av stad, sjølv om han, eller ho, altså må over ein bekk for å koma fram. Ikkje den hardaste kjærleiksprøva med andre ord, men likevel. Det er fint med ørlite motstand før premien kan innkasserast.

Låten er også ein hyllest av det nære musikalske samarbeidet Nordstoga og Reistad har hatt dei siste 25 åra.

– Duoen Nordstoga og Reistad har ein heilt eigen energi i det dei gjer. Det høyrest lang veg at dei trivst i kvarandres selskap. Gjennom åra har dei opparbeidd ein solid venskap, og singelen og det komande albumet er ei hylling av dette, skriv plateselskapet i ei pressemelding.

Nordstoga skal i desse dagar også på joleturné, i lag med Frode Alnæs og Lang Desember Natt, der den mest lokale konserten er på Rjukan 22. desember.