På scena: E-76.

Feirar lokalavisa med konsertar

Måndag er det 50 år sidan den fyrste utgåva av Vest-Telemark blad kom ut. Det blir feira i morgon, laurdag.

Det som starta som eit grasrotopprør mot fylkesavisene som ikkje slapp vesttelane til i lesarspaltane i EF-debatten i 1972, er i dag ein høgst oppegåande jubilant med lojale abonnentar og annonsørar som ser verdien av den nære lokalavisa.

Feiringa er lagt til Straand Hotel i Vrådal. Det blir sal av billettar i døra til kveldsprogrammet. Her vil det bli ei samtale med to av fødselshjelparane Sigrid Straand og Bjørn Bø om tida då vesttelane fann ut at dei ville ha sitt eige blad. I tillegg blir det konsertar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Symre Taugbøl Bang har fleire år vore sommarvikar i avisa, men til dagleg studerer ho på musikkhøgskulen i Oslo. I Vrådal har ho tromma saman eit band andre unge vesttelar: Auver Gaaren, Tov Espelid og Jon Espelid.

Seinare står E-76 på scena i Vrådal.

– Me håpar så mange som mogleg tek turen for å vera med å feire lokalavisa si, seier Tor Arve Vartdal, dagleg leiar i Vest-Telemark blad.