«Farmen» til Telemark
Neste sesong av gardsrealityprogrammet «Farmen» blir spelt inn I Telemark, skriv avisa Telen.
Det er ein gard på Notodden som til neste år skal bli driven av ein gjeng nordmenn, som skal gå tilbake i tid og leve som bønder utan tilgang på moderne hjelpemiddel.
– Telemark er eit spennande område med ei særs rik historie knytt til både industri og kultur, så det er av stor interesse å få med gode samarbeidspartnarar og krefter for å få løfta dette fram, seier Jan-Petter Dahl, TV2s pressesjef, til avisa.
Artikkelen held fram under annonsen.
(©NPK)