Bokaktuell: Eystein Matheussen i Rauland har gjeve ut boka «61 viser – som nesten ingen har hørt».

Eystein gjev ut 61 viser nesten ingen har høyrt før

– Det er vel nokon i Rauland som har høyrt dei …

Eystein Matheussen smiler. Han er aktuell i haust med viseboka «61 viser – som nesten ingen har hørt».

– Eg voks opp med viser. Det har eg frå broren min. Då eg budde nordpå skreiv eg ein del viser, men det blei mindre av det då eg flytta til Vinje, seier Matheussen til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

71-åringen som kom frå Snefjord i Finnmark til Vinje kommune i 1986, tok fram att interessa for viser då han blei pensjonist for snart ti år sidan. Og han lét seg til slutt overtale av Åsta Østmoe Kostveit iherdige innsats i å få han til å bidra då Viser og dikt starta opp i Rauland i 2011.

– Det kom fleire enn me hadde trudd, seier Matheussen om dei månadlege samlingane der ein ny lyrikar er på agendaen kvar gong.

Matheussen har sett melodi til dikt av lyrikarar som Arvid Hansen, Stein Versto, Hans Børli og William Shakespeare (på norsk), og han har prøvd å styre unna dikt som andre har sett melodi til. Etter kvart byrja han å skrive eigne tekstar. Desse er framført både på samlingane i Rauland og med viseklubben i Vinje. Totalt har 25 eigne viser fått plass i boka.

– Eg kjem truleg til å tape pengar på dette bokprosjektet, men eg bestemte meg nå for å lage ei bok, seier den muntre trubaduren frå Rauland.

Han innrømmer at han er mest ein jazz- og klassisk-mann.

– Men det er viser eg synest sjølv eg beherskar, seier han med eit smil.

«61 viser som nesten ingen har høyrt» er gjeve ut på Kolofon forlag. Boka inneheld tekstar, notar og illustrasjonar.