Køyrde mjølkeruta: På 1970-talet køyrde Karl Valhovd mjølkeruta. No skriv han bok om denne delen av bygdehistoria.

Etterlyser bilete av mjølketransporten

Det var ei tid då det var kyr på dei fleste gardsbruka. Mjølkespanna frå gardane humpa seg fram til meieria. Denne transporten var Karl Valhovd i Åmotsdal ein del av. No skriv han bok.

På byrjinga av 1970-talet køyrde Karl Valhovd frå Åmotsdal mjølkespann frå gardane i Åmotsdal, Svartdal og Flatdal til meieriet i Kviteseid. Langs vegane stod det mjølkeramper alle stadar. No er dei aller fleste forsvunne.

Valhovd er i gang med å skrive bok om denne delen av næringshistoria i bygdene. Faktisk er han godt i gang; han har snakka med mange folk og har skrive mesteparten av teksten. Men han er i beit for illustrasjonar, så om nokon har bilete som kan passe, er han svært takksam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterlyser situasjonsbilete

– Det kan vera at nokon har bilete av ein mjølkebil med spann bakpå, det kan vera folk som køyrer spann med hest, anten kjerre eller slede, eller det kan vera nokon som brukar dragkjerre til transporten av mjølkespann til og frå mjølkerampa. Ja, i det heile tatt situasjonsbilete frå denne tida, seier han.

Mjølkeruta var ein del av den viktige infrastrukturen i bygdene. Ruta tok med seg både varer, som kraftfor og kunstgjødsel, i tillegg til mange andre varer. Mellom anna var det mjølkeruta som frakta medisin til Flatdal, Svartdal og Åmotsdal frå apoteket i Kviteseid.

– Ikkje sjeldan tok me også med passasjerar. I den raude Bedforden min hadde eg plass til to inni hytta, elles skjedde det også at nokon sat på lasteplanet, fortel Valhovd om den nære fortida.

Han nemner også støylsdrifta; den gongen det blei kinna og yst på støylen og varene blei kløvja ned til bygdar. Om nokon har bilete av slikt hestekløv, er dette også aktuelle foto til bokprosjektet hans.

Mjølkerampe: Tidlegare stod mjølkeramper overalt langs vegane. Denne stod på Seljordshei.