Fin velkomst: Elly Utistog (t.v.) og Anne Godtland ønskte Henrik Ibsen velkomen. Dei hadde pynta seg i nydelege bunadar og hadde blomar til alle passasjerane.

Elly (7) og Anne (9) ønskte Henrik Ibsen velkomen

Med korps, blomar, flagg og ruskevêr tok folket på Dalen varmt imot kanalbåten Henrik Ibsen på årets fyrste tur.

– Me skal gje blomar til dei som kjem av båten, fortel Elly Utistog (7).

– Det er for å ønske dei velkomen, smiler Anne Godtland (9).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er spennande, meiner Elly.

– Og litt skummelt, innrømmer Anne.

– Kjem me i avisa nå? Gøy!

Dei to har ikkje tid til noko langt intervju med lokalavisa. For snart kjem båten. Dei spring ut på brygga for å speide etter Henrik Ibsen.

– Årets beste dag!

Onsdag var endeleg dagen for Henrik Ibsen sin fyrste tur opp til Dalen, medan Victoria har sin fyrste tur oppover kanalen på torsdag. For mange er det sikre teikn på at sommaren er her.

Henrik Ibsen er frå 1907, og går i rute frå Skien til Dalen heile sommarsesongen. Ifølge Wikipedia gjekk båten i rutetrafikk i Göteborg-skjergarden fram til 1960, og har gått på Telemarkskanalen sidan 1992. I 2009 vart båten selt til Telemarkskanalen Skipsselskap, som er eigd av Thor Morten Halvorsen, eigaren av Dalen hotell.

Om bord på kanalbåten var Halvorsen, og sonen Thor Filip Halvorsen. Han var direktør på Dalen hotell frå 2019-2021, men i år er det svenske Filip Åbom som er hotelldirektør på «eventyrhotellet» på Dalen.

I finstasen: Årets hotelldirektør Filip Åbom (t.v.) og fjorårets hotelldirektør Thor Filip Halvorsen var festkledd då Henrik Ibsen kom til Dalen.

– Me har betre booking enn nokon gong, og det er bookingar frå alle verdshjørne. Dei som vil ha ei natt på Dalen hotell i sommar må skunde seg, fortel Halvorsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg moro at hotellet har blitt så populært, og det er mange som har det på «bucket lista» si, altså noko du må gjere før du døyr, legg han til.

– Turistane er tilbake, og kjem frå USA, Italia, Japan, over alt. Det finst vel ingen finare stad enn Noreg, seier den nye hotelldirektøren, Åbom.

– Dette er årets beste dag, og dette er verdas vakraste stad, gliser ein svært entusiastisk Halvorsen.