Strikketreff: Ikkje så mange på Strikketreff denne dagen, men Asgerd Holøkken, Anne Lise Bakken, Tove Holbæk, Kirsten Austjorde og Karen Roed har det triveleg likevel.

Eitt år med Rødarkroken

I desse dagar er det eitt år sidan Karen Roed og Tokke Frivilligsentral opna dørene til Rødarkroken i Høydalsmo, og sidan den gong har det skjedd mangt og mykje her.

– Kvar veke møter ein god flokk opp for å gå tur saman, ein annan dag i veka kjem ein gjeng saman for å strikke og skravle i eit par timar, og annankvar veke spelar folk sjakk her, fortel Karen. Og ho forsikrar at det er plass til fleire, så det er bare å koma.

I tillegg til dei faste aktivitetane har det òg vore både hobbykveldar og inviterte gjester som fortel om alt frå lokalhistorie til redningshundar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har lært å flette avanserte jolekorger og korger av pilegreiner, og om brynestein og korleis det var å vera flyktning i Sverige under krigen. Så langt i 2023 har eg registrert 340 gjester her, seier ho.

– Me er så glade for at Karen – og Kristian – kjøpte det gamle butikkbygget, pussa det så fint opp og laga denne møtestaden for bygda, kyter damene på Strikketreffet.

– Det er lettare å koma seg ut og vera sosial når du veit kvar du kan treffe folk, meiner dei. For Tove, som flytte til Høydalsmo som godt vaksen for ikkje så mange år sidan, har Rødarkroken vore ekstra god å ha.

– Her har eg blitt kjend med folk og fått nye venner. Eg har alltid vore glad i handarbeid, så Strikketreff er midt i blinken for meg, fortel ho.

På spørsmål om kva planar Karen og Rødarkroken har vidare, svarar ho:

– Fram mot sommaren skal me på fleire turar, mellom anna til Nystaul i Åmotsdal, og til hausten skal me på Skafsåheii og plukke krekling å laga saft av. Og så blir det nye samlingar inne, med allsong eller hobby, datahjelp frå Tokke Seniornett og ulike føredrag.