Amerikansk historie: The good, the bad and the ugly: Fv Bjørn Lauvrak, Erlend Momrak og Kristian Taraldlien Hopland.

Eit innblikk i den amerikanske historia

Prosjektveka på Gimle skule vart runda av med framsyninga «The evolution of USA» på torsdag. Temaet var amerikansk historie og publikum fekk ta del i alt frå borgarkrig og rasekamp til månelanding og hippietid.

Amerikansk historie: N/A

Ifølge Are Kalvø er det mykje me kan lære om det «irriterande landet» me har eit litt for romantisk forhold til – nemleg USA. Me kan lære om «tv-seriar. Filmar. Landevegar. Høge hus. Hattar. Og politikk», hevdar satirikaren.

Etter å ha sett framsyninga «The evolution of USA» på samfunnshuset i Fyresdal gjev Kalvø sine utsegn meir meining. Fyresdalselevane tok oss tilbake til 1861 og den amerikanske borgarkrigen, før dei elegant gjekk over til dansenummeret «The evolution of dance 1920-2020». Me fekk også bli med inn på Saloonen der det bokstaveleg talt var «ville vesten» med damer som dansa country og cowboyar som herja og drakk «brus».

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå rasekamp og slaveri til Barack Obama

Dei amerikanske presidentane dukka også opp denne kvelden. På skjermen fekk me sjå glimt av Roosevelt, Bush og Kennedy. På talarstolen tala både Barack Obama og nåverande president Donald Trump. For å belyse Obamas viktige veg til makta hadde elevane lage eit nummer som viste USAs brutale historie innan slaveri og rasehat. Scenen fann stad på ein buss, kor ei mørkhuda kvinna, Rosa Park, nekta å ofre setet sitt. Historia sluttar med den velkjente tala til Martin Luther King – «I have a dream».

Me fekk også bli med til tida då hippiane herja landet. I all fred og kjærleik plantar også Buss Aldrin og Neil Armstrong det amerikanske flagget på månen. Medan flagget vaiar i vinden glir førestillinga over i ei hyllest til store amerikanske artistar som Elvis Presley, Janis Joplin, Johnny Cash, Willie Nelson og Ray Charles mfl., før me på nytt blir kjent med ei mørk side av landets historie – verdskrig, kald krig og terroråtak.

Mykje latter i salen

Amerikansk historie: Tobias Lund (Top Gun), Knut Homme (Blues Brothers) og Erlend Momrak (The good, the bad and the ugly) var godt nøgde etter framsyninga.

Framsyninga hadde ein god kombinasjon av alvor og humor. Tobias Lund, Knut Homme og Erlend Momrak var alle samde om at humor kan vere fint når ein fortel om Amerikas mørke bakteppe. Likevel var det i rollene som skodespelarar frå Hollywood dei henta mest latter frå salen.

– Det er klart det er moro når publikum ler, fortel Lund.

– Samtidig er det morosamt å kunne improvisere, det er som oftast då ein får mykje latter, tilføyer Momrak.

Men har dykk lært noko om USA denne veka da?

– Ja, me har lært mykje. Men det har vore mykje hard jobbing. Så då er det ekstra moro at me lukkast så godt som i dag, seier Homme.

– Men nå skal det jaggu meg bli godt å ta ferie. Spørst nok om eg ikkje er sjuk den siste skuledagen i morgon, seier Lund, med eit glimt i auge.

Artikkelen held fram under annonsen.

«No dream is to big, no challenge is too great»

Etter to timar gjekk framsyninga mot slutten. Ikkje overraskande var det sjefen sjølv, president Donald Trump, som fekk runde det heile av med ei noko pompøs og sjølvopptatt tale. Med seg på talarstolen hadde han også kona, Melania Trump.

Amerikansk historie: Storfint besøk: Donald Trump og Melanie Trump hadde også tatt turen til samfunnshuset i Fyresdal. Trump hadde berre positive ting å seie om førestillinga og la ikkje skjul på at han hadde øvd mykje før han inntok talarstolen. Fv: Tobias Skålid og Rena Gustavson.