Attval: Einar Søreide frå Kviteseid held fram som leiar i Telemark Mållag.

Einar held fram som leiar. – Målsaka har medvind

Einar Søreide frå Kviteseid er attvald som leiar i Telemark Mållag.

– Målsaka har medvind, både lokalt og nasjonalt, slo eit godt besøkt årsmøte i Skien fast.

Telemark Mållag har no 550 medlemer, og kan notere ein fin auke frå året før. Det same gjeld Noreg Mållag som i fjor haust runda 15 000 medlemer, melder Telemark Mållag i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkeslaget er og nøgd med det ferske språk-vedtaket i det nye fylkestinget.

– Fylkestinget har med solid fleirtal slått fast at begge skriftspråka våre skal vere representert med minst 40 prosent i allment tilgjengelege dokument. Det tyder at nynorsken blir godt synleg i lysingar, i sakspapir og ikkje minst på nettsidene i det nye fylket, slår leiaren fast.

Årsmøtet vedtok elles å halde fram med det viktige arbeidet med å sørge for at elevar i grunnskulen i nynorsk-kommunane i Telemark får tilgang til Norsk Barneblad.

Med seg i styret får Einar Søreide Gerd Lyngstad Kroken frå Vinje og Elisabeth Hagen Kvalem frå Seljord. Sigbjørn Hjelmbrekke frå Bø og Nils Gjerde frå Tokke var ikkje på val.

Varamedlemer til styret er Johs Apold frå Porsgrunn, Sigrid Bø frå Bø og Harald Valle frå Treungen.