Nyvald leiar: Språkarbeidet i barnehagane blir særleg viktig i tida som kjem, seier nyvald leiar i Telemark Mållag, Einar Søreide frå Kviteseid.

Einar er ny leiar i Telemark mållag

– Det har aldri vore lettare å bruke nynorsk enn i dag.

Det sa skulemålskrivar i Noregs Mållag, Ingar Arnøy, på årsmøtet i Telemark Mållag.

På eit godt besøkt årsmøte i Treungen peika Arnøy på at nye generasjonar er meir tolerante for språkleg variasjon, og sa at denne trenden også kjem nynorsken til gode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidet med den nye opplæringslova er den viktigaste saka for mållaget i vår. Her kan Noregs Mållag notere ein viktig siger når regjeringa no opnar for språkdelt ungdomsskule på line med den ordninga som er i barneskulen.

Men mållaget har ikkje fått gjennomslag for kravet om at alle læringsressursar skal kome på begge målformer til same tid.

No har meir enn 60 ordførarar skrive under på eit krav om at Stortinget må sørge for at nynorskelevane får dei same vilkåra som bokmålselevane, opplyser mållaget i ei pressemelding.

– Me har god tru på at Stortinget vil rette opp i dette når den nye opplæringslova kjem dit før sommaren, seier Arnøy.

På årsmøtet blei Einar Søreide vald som ny leiar i Telemark Mållag. Den røynde organisasjonsmannen frå Kviteseid tek over etter Sigbjørn Hjelmbrekke frå Bø.

Hjelmbrekke held fram i styret, saman med Bergit Telnes frå Seljord, Nils Gjerde frå Tokke og Sigrid Bø frå Bø.

Den nye leiaren peikar på språkarbeidet i barnehagane som ei særleg viktig oppgåve i tida som kjem.

– Telemark Mållag vil og fylgje med på skulemålsaka i Hjartdal. Ved den rådgjevande folkerøystinga i vinter blei det fleirtal for å halde fram med nynorsk. No er det opp til Hjartdal kommunestyre å fylgje opp folkeviljen, seier Einar Søreide.

Artikkelen held fram under annonsen.