BROR GODAL: Jon Bojer Godal fortalde nært og fint om broren Ingvald som fekk leve opp til sine ideal medan han levde.

Ein krigar for demokratiet

– Tusen takk for at Ingvald fekk sjansen til å leve ut idealet sitt, sa Jon Bojer Godal.

Talen om broren, Ingvald Godal, var nær og fin om oppveksten i Rauland. Om eventyraren, pragmatikaren og livsnytaren. Om gardstunet der heime der dei såg så vidt ikring. Ein som kom på besøk hadde sagt at; – Det er så vide perspektiv her, både ute og inne.

Om å leve opp til ideal. Slik Ingvald Godal gjorde. Heilt frå han tok etter naboguten Lars, som var den største og sterkaste guten i bygda og likevel starta å spele eit blåseinstrument. Ingvald tok etter, han fann seg også eit blåseinstrument å spele på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For Ingvald var det å leve opp til ideala når sjansen baud seg viktig, sa Jon.

– Nettopp det som skjedde i Litauen var veldig godt for Ingvald. Og det trur eg me skal takke for. Tusen takk for at han fekk sjansen til å leve ut idealet sitt, avslutta Jon Bojer Godal og såg utover dei over hundre litauarane som hadde møtt opp på Telemark museum denne torsdag ettermiddagen.

Stortingsmann, Vinje-ordførar og Litauenvenn Ingvald Godals minneutstilling blei høgtidleg opna på Telemark museum i Skien på Litauens nasjonaldag 16. februar. Den står fram til 11. april og museet er ope torsdag–sundag.

Utstillinga er produsert av det litauiske parlamentet og utlånt frå Litauens ambassade. På nasjonaldagen og opninga var både nestleiar av EU-parlamentet, Rasa Juknevičienė, og Litauens ambassadør i Noreg, Jonas Mazeika, til stades. Familien Godal, med søskena Jon Bojer Godal og Ellen Nordstoga, var spesielt inviterte.

Hjelp Ukraina

– Ingvald Godal var ein mann som stod på den rette sida. Ein som hjelpte folk til fridom. Det var nedfelt i hans DNA, sa Rasa Juknevičienė i sin tale.

Ho fortalde om sitt møte med Ingvald Godal i parlamentet i Vilnius, 1990-1991, og om hennar aller første utanlandstur etterpå. Invitasjon frå Ingvald til Rasa, velkommen til Oslo og Noreg for å fortelje om Sovjetunionens herjingar i Litauen.

– Om Ingvald Godal hadde levd nå, så hadde han hjelpt Ukraina mot eit aggressivt Russland, sa ho.

– Ukraina forsvarar ikkje berre seg sjølv, men også oss. Dette er ein krig for demokratiet, og i politikken var Ingvald Godal ein krigar. Den beste måten å minnast han på er å hjelpe Ukraina, meinte Rasa Juknevičienė.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire av dei frammøtte litauarane som bur i Vestfold og Telemark var også opptekne av å støtte Ukraina. Dei litauiske foreiningane samlar inn pengar som blir sendt til Ukraina. Dei har kjent aggressiviteten frå Sovjetunionen på kroppen sjølve og veit kva ukrainarane står i nå. Då nasjonalsongen blei sungen og flagget vist fram til slutt, var det ei rørande stund både for litauarar og nordmenn denne torsdagen.

FOLKETONAR: Aasmund Nordstoga og Robertas Lamsodis framførte norske folketonar for fullsett sal på Litauens nasjonaldag.
FINGERMAT: Irena Meilute ved Telemark museum serverte gjestene tradisjonell mat frå Litauen.
RØRANDE: Flagget og den litauiske nasjonalsongen avslutta arrangementet. Sterke symbol i kampen for fridom og demokrati.
PÅ UTSTILLING: Nestleiar i EU-parlamentet, Rasa Juknevičienė, fortel direktør ved Telemark museum, Barbara Ida de Haan, om tida saman med Ingvald Godal i det litauiske parlamentet. T.v.: Litauens ambassadør Jonas Mazeika.
MINNEUTSTILLING: Utstillinga om fridomskrigaren Ingvald Godal har gratis inngang og står til 11. april. F.v.: Museumsdirektør Barbara Ida de Haan, Nestleiar i EU-parlamentet Rasa Juknevičienė og ambassadør Jonas Mazeika.
KRIGAREN: Ingvald Godal fekk tildelt Litauens fridomsmedalje i 1996 og blir framleis sett på som eit symbol på fridom i landet.