Butikkmann: Bestefar til Gunnar Breivik dreiv landhandel i Folkestadbyen. Her er onkel Ragnvald, Gunnar Breivik (bestefaren til forfattaren) og Birger Breivik (faren til forfattaren) framfor butikken. (Foto frå boka)

Ei reise bakover i slekta – eit spennande dykk i lokalhistoria

Gunnar Breivik kjem frå Grimstad, men far hans voks opp i Fyresdal og røtene til slekta går heilt tilbake til 1400-talet i bygda.

I boka «Min slektsreise» følgjer Gunnar Breivik slekta si som har røter i Lyngdal og Fyresdal. Far til forfattaren, Birger Breivik, kom frå Fyresdal, men flytta ut, og forfattaren vart født i Oslo i 1943, voks opp i Grimstad, og bur nå i Oslo. Røtene til Vest-Telemark og Fyresdal er likevel ikkje gløymt.

I tillegg til å følgje forfedrane og formødrer bakover i tid, med namn, når dei vart født, når dei døydde, gifta seg og kor mange born dei fekk, dannar også Breivik eit større bilde av bygda. I kapittelet «Fyresdal – stedet og historien våre forfedre levde i», dannar forfattaren eit bilde av dei geografiske, historiske og sosiale forholda i Fyresdal. At naturen har lagt rammer for folket i Fyresdal er ganske naturleg. Breivik skriv at det tidlegare var mykje bjørn, og han nemner at bjørneskyttaren Gunleik Øysæ, fødd 1827, skaut 14 bjørnar, far han 24 og gudfaren hans, Olav Nuvik, 50.

Artikkelen held fram under annonsen.

Breivik skriv også om tømmerfløtinga som byrja alt på 1500-talet, og at oldefar til forfattaren, Jakob Breivik (1835–1906), arbeidde i skogen og var tømmerfløtar. Som liten gut på feriebesøk i Fyresdal spring forfattaren saman med sin fetter Knut på tømmeret som låg like ved brygga nedanfor kyrkja og venta på å bli frakta nedover vassdraget. «Kunsten med å løpe på tømmerstokkar var at du måtte trå lett og løpe fort for stokkane forsvant under deg hvis du stoppet opp», skriv Breivik.

Bestefar til forfattaren heitte også Gunnar Breivik. Han levde frå 1871 til 1957, og dreiv landhandel i Fyresdal sentrum. Ifølge Breivik kom dei fyrste landhandlarane til Fyresdal alt i 1860-åra, og Olav T. Veum var den fyrste. I 1906 var det i Folkestadbyen tre handelsbuer, to bakeri, eitt fargeri, to smier, ei badsstoge, eitt meieri, eitt sagbruk og mølle, to skreddarar, ein bank, eitt bedehus, eitt ungdomshus, eitt safteri, ein urmakar, ein blekkslagar. I alt var det 75 taktekte hus, og 140 personar bur i sentrum av Fyresdal.

Forfattaren Gunnar Breivik er professor emeritus ved Noregs Idrettshøgskule og tidlegare rektor ved skulen. Han har gjeve ut ei rekke artiklar og fleire bøker. «Min slektsreise» er gjeve ut på Rosfjord Forlag.

«Jeg er meg. Men tenk om jeg hadde vært en helt annen? Men ville jeg da vært meg? Jeg kunne ha vært en annen siden jeg kunne ha levd mitt liv annerledes. Men jeg kunne ikkje valgt mine foreldre og dermed mine gener, mitt utseende og de historiske, sosiale, kulturelle, religiøse o.s.v, tradisjoner jeg er vevet inn i,» skriv Breivik innleiingsvis.

«Min slektsreise» er truleg ekstra interessant for dei som kjenner slekta, men har også mange godbitar for lesarar med sans for lokalhistorie.