Plateaktuell: Ingvild Lilletvedt gjev i dag ut si tredje plate: Festen. Bildet er tatt med Vinjestoga som bakgrunn.

«Eg skriv ikkje ein tekst berre for å skrive ein tekst. Det må vera ei meining med den og bety noko for andre»

Ingvild Lilletvedt gjev i dag ut si tredje plate. Plata, med tittelen «Festen», er oppstemt og gjev lyttaren gode historier gjennom tekstane hennar. Innspelinga har ho betalt for sjølv.

Innflyttaren frå Stamnes, som kom til Vinje i 2005, lener seg støtt til den nordiske visetradisjonen. Dei to platene ho hittil har gjeve ut er meir nedstemte og melankolske enn «Festen».

– Kari Bremnes er mitt store førebilete. Ho har ein eigen evne til å fortelje gode historier i tekstane sine. Dette prøvar eg også å få til i musikken min, fortel Lilletvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Visepop

Det er tre år sidan sist ho gav ut plate. Lilletvedt brukar god tid på tekstane sine og det merkar ein på den nye plata. Det er godt handverk som blir presentert og orda fell lett i teksten og vev seg saman til eit større bilde. Bremnes sin innverknad merkar ein lett. Det er det same lette handlaget med ord og historieforteljing ein finn att på denne plata. Lilletvedt kallar musikken for visepop, der dei to tidlegare platene var meir viser.

– Eg skriv aldri ein song på ein halvtime. Fyrst skriv eg nokre strofer og så legg eg arbeidet frå meg før eg skriv litt meir nokre veker seinare. Skrivinga for meg er ein lang prosess og det tar tid, opplyser Lilletvedt.

På NRKs speleliste

Ein song frå plata har kome på spelelista til NRK Telemark. Songen heiter «Finne lyset». Ho blir inspirert av å ha kome på spelelista. Draumen til Lilletvedt er å leve av musikken, men for tida så er ho heime på garden som mannen hennar driv og planlegg å byrje med litt produksjon av ost og meieriprodukt. Ho arbeider også litt som vikar i barnehage. På det evige spørsmålet om kva som kjem fyrst av tekst og melodi er ho klokkeklår: Teksten kjem fyrst og ho må kjenne på historia og leve seg inn i den før ho byrjar å skrive.

Har alltid drive med musikk

Lilletvedt byrja tidleg med musikk og som born spelte ho orgel og trompet. Alt som tiåring byrja ho å skrive tekstar. Interessa for musikk har ført til at ho utdanna seg til musikkterapeut i 2001. Melodi og arrangement til låtane på «Festen» hadde ho ikkje bestemte tankar om på førehand. Når ho hadde samla musikarane i studioet for å spele inn plata, så var det viktig for henne at dei fekk sitt avtrykk på musikken og gjorde den til sin.

Ho rosar produsenten for plata, Øyvind Ekse, for fine innspel når det gjeld arrangement.

– Han har vore viktig for meg då eg laga den nye plata. Øyvind har plukka ut musikarane og gjort mykje av arrangementet på songane. Han har gjort eit lydbilete på plata som passar til tekstane, meiner Lilletvedt.

Lydbiletet på plata er slentrande og lett. Det er prega av enkel komp, hovudsakleg av gitar og trommer. Men også strykarar og trompet er med i blant. Dette framhevar teksten og gjer den til noko viktig, som nok er målet til Lilletvedt og produsenten hennar.

Innspeling: Med Øyvind Ekse (produsent/arrangør) og Borgar Erstad Storebråten (gitarist).

Lettbeint musikk

Melodiane på plata er lettbeinte, lyse og fulle av håp. Kvifor den plata vart så lystprega veit ikkje Lilletvedt, men det skjedde berre naturleg, trur ho. Det er viktig for ho at lyttarane finn noko i tekstane som råkar dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skriv ikkje ein tekst berre for å skrive ein tekst. Det må vera ei meining med den og bety noko for andre, fortel Lilletvedt.

Plata er ein hyllest til livet, kjærleiken og håpet er det sagt, og det kan underteikna stemme i. Tekstane er varme og fulle av håp, livsglede og glede over dei små tinga i kvardagen.

Av personlege favorittlåtar på plata nemner Lilletvedt «Karla master» og «Forbi ein fjord». Fyrstnemnde kom til etter at ei enke ho kjenner fortalde om sorga av å miste mannen sin. Det var ei sterk historie som inspirera til skriving. «Forbi ein fjord» er ein hyllest til besteforeldra til Lilletvedt, som ho hadde eit veldig nært forhold til.