Inviterer til party: Heidi Grue Holt (t.v.) og Sara Smith håpar mange ungdommar frå heile Vest-Telemark tar turen til Granvin på halloweenparty fyrstkomande fredag.

«Dette må ikkje ungdommane i Vest-Telemark gå glipp av»

Med rockekonsert, DJ, konkurransar og skummel moro inviterer Granvin kulturhus og Kaktus ungdomsklubb alle ungdommar frå 8. klasse til 18 år i regionen til rusfritt, gratis halloweenparty på kulturhuset i Seljord fredag kveld.

– Dette må ikkje ungdommane gå glipp av. Det blir kostymekonkurransar, DJ i foajeen, ulike konkurransar og aktivitetar i gamlesalen og konsert i kinosalen med metallbandet Krapyl, seier Heidi Grue Holt som er tilsett som ungdomsarbeidar og leiar av Kaktus ungdomsklubb i Seljord kommune.

Saman med Granvin kulturhus håpar ho vesttelane vil møte fram til arrangementet, som Seljord kommune støtta med 40 000 kroner tidlegare i haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kaktus ungdomsklubb er eit nøytralt samarbeid mellom kyrkja i Seljord og Seljord kommune. Og det er dagleg leiar på Granvin, Geir Jensen, og eg som har jobba med å samle alle trådane i planlegginga av halloweenfesten. Men det er viktig å få med at det er ungdomane i klubbstyret til Kaktus som faktisk kjem med ynskje og forslag til korleis arrangementa skal vere. Det er dei som formar alt frå oppgåver på festen til planlegging av pynt, konkurransar, mat, ja, det meste, fortel Holt.

Metallkonsert

Fredag kveld blir det skikkeleg stemning i kinosalen der medlemmene i bandet Krapyl, som kjem frå Flatdal og Porsgrunn går på scenen. Bandet melder at dei leverer solid black metal av den kompromisslause typen som smeltar fjes og spikrar istappar rakt inn i ryggmergen. Med bandmedlem i eit aldersspenn frå 16 til 19 år må dei endå tole merkelappen «blodfersk», men som dei seier, kva gjer vel det når halvparten av åra på kloden har blitt dedikerte til «blastbeats, vindmøllebanging og tremolo picking».

Bandet har nyleg gitt ut sin debut--EP, og meiner sjølve at i Telemarks djupe skogar ser framtida på mørkast mogleg vis forbausande lys ut.

Spelar konsert: Medlemane i metalbandet Krapyl kjem frå Flatdal og Porsgrunn.

Vil binde ungdom saman på tvers av kommunar

Holt meiner at arrangement for ungdom, som det komande fredag, der ein ikkje bind seg over lang tid, og som ikkje krev ferdigheiter, gjer terskelen for at alle kjenner seg velkomen lågare.

– Det er det me ynskjer, at alle skal ha ein plass å komme til, uansett kjønn, gjeng, interesser og ferdigheiter, og det er det me som ungdomsklubb i Seljord jobbar for hele året. Det å kunne ha nokre ekstra arrangement som dette for alle i Vest-Telemark kan kanskje vere med på å gjere det litt meir stas og synleg, men også binde ungdommar saman på tvers av ulike stader, seier ungdomsarbeidaren.

På treff som den komande halloweenfesten, meiner Holt at ungdom som til vanleg møtast på korpsstemne kan bli kjent med dei som vanlegvis møtast på fotballcup og dei som vanlegvis ikkje møter opp på organiserte aktivitetar.

– Nå får alle høve til å bli kjent. Bygdene er små, og me veit at faktisk ikkje alle finn jamgamle ungdomar som dei opplever å ha noko til felles med der dei bur. I tillegg trur me det er ein fin ting å bli betre kjent inn mot vidaregåande. Når ungdommane veit litt kven andre er, kan det hende overgangen ikkje blir like skummel. Kanskje kan det også vere med å påverke at ungdom tør å søkje seg inn på den lina eller skulen dei faktisk vil på når dei kjenner andre som skal dit, og ikkje gje etter for presset for kva resten av vennegjengen skal, seier Holt.

Rusførebyggande arbeid

Ungdomsarbeidaren meiner også at ein ikkje skal gløyme den rusførebyggande effekten av interkommunale arrangement som dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ingen løyndom at ungdommane er i ein alder der dei føler på mykje press, men også lyst til å utforske. Sjølv om ikkje alle driv med det, veit me alle om «nokon». Det å ha ein stad der nokon bestemmer at her er det ikkje lov med alkohol og anna rus, bidreg til å gjere presset mindre. Det fratar også høvet til å ta rusmiddel, for dei som synest det er kult. Me ynskjer å legge opp til eit arrangement der ungdommane opplever at rus ikkje er eit tema, anten ein er på eit stadium der ein pushar grenser eller ikkje ynskjer å ha noko med det å gjere i det hele tatt. Her skal ein kunne seinke skuldrene og ha det gøy, i trygge omgjevnadar, seier ungdomsarbeidaren som oppmodar vesttelane til å kle seg i den skumlaste kostyma og bli med på Halloween-feiring.