Bilde frå heimstaden: På coveret til singelen Wild child har Synne dette bildet, som er tatt i Treungen sentrum.

– Dette blir ein fin måte å minnast mamma på

Thomas Dybdahl og Bugge Wesseltoft har vore med å produsere det fjerde albumet til Synne Sanden. Nå framfører ho låtane for fyrste gong heime i Treungen.

Albumet Imitation kom ut i september i fjor, men det er fyrste gong ho spelar låtane i Treungen. På konserten laurdag har Synne med seg både bandet sitt og Nissedalskoret.

– Eg har hatt lyst til å høyre musikken min med kor. Då er det ekstra moro med eit kor som eg har eit forhold til. Mamma song i Nissedalskoret, fortel Synne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hugsar at eg var med henne på øving, at eg sat i eit hjørne og høyrde på.

Då Synne var femten år døydde mora.

– Dette blir ein fin måte å minnast mamma på. Eg har tenkt på det lenge, fortel ho.

Barnekor og kulturskule

Synne er oppvaksen i Treungen og har alltid vore oppteken av musikk. Ho starta opp i barnekoret Gnisten då ho var åtte år. Seinare begynte ho på kulturskulen. Der spela ho piano og hadde songtimar. Synne kyter av læraren sin på kulturskulen, Olav Svalastog.

– Eg er veldig glad i Olav. Han har alltid vore veldig støttande og lét meg få spele mine eigne låtar frå eg gjekk i niande klasse. Då eg var tolv år forstod eg at det var musikk eg ville drive med, og då eg var fjorten skjønte eg at eg ville lage eigne låtar.

Inspirasjon til å vekse

Det nye albumet til Synne handlar om kjensler forbunde med skam. Synne fortel at ho hadde ein periode i livet då ho strevde mykje. Ho var ikkje fornøgd med seg sjølv og kjente på kjensler som sjølvforakt og misunning. Dette er kjensler me ikkje snakkar så mykje om, men artisten trur likevel det er kjensler alle kjenner på. Ved å skrive og synge om dei, opplevde ho at dei gav litt slepp.

– Det har vore veldig terapeutisk for meg å skrive denne plata. Eg har funne meir ut av kven eg vil vere og fått det mykje betre med meg sjølv.

Ho skildrar albumet som ei reise gjennom eit destruktivt sinn, og ut av det igjen. Som å gå gjennom ein transformasjon og finne ein ny versjon av seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre av låtane er mørke, andre er lyse. Det er ei inspirasjon til å vakse, til å bli ei betre utgåve av seg sjølv, seier Synne.

Konsertar og nytt album

Når VTB møter Synne Sanden i barndomsheimen i Treungen, har ho akkurat kome heim frå turne i Italia. Når fyrste øving med Nissedalskoret er ferdig skal ho vidare til Oslo for konsert dagen etter. Seinare skal ho synge i Bergen, på Uka i Ås og til sommaren på Trænafestivalen. Det gler ho seg til. Synne har hatt konsertar i Spania og Canada og sunge fleire gonger i Operaen i Oslo.

Heime: Synne Sanden ser fram til å spele med Nissedalskoret.

I fjor fekk ho Statens kunstnarstipend.

– Det var heilt fantastisk, og hjelpte meg til å fokusere på soloprosjektet mitt, seier Synne.

Innimellom konsertane planlegg ho nytt album. Planen er at ho skal spele inn det nye albumet til hausten.

Musikkvideo frå Treungen

To av videoane til albumet Imitation er spela inn i Treungen. Ein av dei i Treungen sentrum. Den andre ved Jettegrytene på Eikhom.

– Det er mange som spør kor filmane er spela inn. Dei synest det er utruleg fint, seier Synne fornøgd.

Sleppkonserten i Oslo blei utselt. Nå håpar ho mange kjem på konserten i fleirbrukshuset i Treungen laurdag. Ho håpar på å treffe eit breitt publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne konserten passar både for ungar, ungdom og godt vaksne, seier Synne, som gler seg til konsert saman med Nissedalskoret.

Piano: Synne har alltid vore opptatt av musikk.