– Det at så mange set pris på det eg gjer, er stolte og heiar på meg, gjev meg fleire grunnar til å fortsette med musikk og satse på det store, seier Irmelin Trøite. 		Presse
– Det at så mange set pris på det eg gjer, er stolte og heiar på meg, gjev meg fleire grunnar til å fortsette med musikk og satse på det store, seier Irmelin Trøite. Presse

– Det var verdt å vente i 13 timar

Vinbyggjen Irmelin Trøite (17) imponerte dommarpanelet i Norske talenter, og gjekk vidare i talentkonkurransen.

I den fjerde fjernsynssendinga av Norske talenter fekk heile landet helse på den unge musikaren frå Vinje.

Irmelin Trøite syng, spelar gitar og skriv eigne låtar. På audition til Norske talent framførte ho «A day in november», ein veldig personleg song som 17-åringen har skrive sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har hatt ein draum om å vere med på Norske talent veldig lenge, innrømte Trøite til programleiar Solveig Kloppen på sendinga.

Ein lang dag

Men før Trøite fekk gå på scenen og framføre låten til dommarane Mia Gundersen, Bjarne Brøndbo, Janne Formoe og Mona Berntsen var det mange lange timar å vente.

– Det vart ein lang dag. Etter auditionen kunne ein reise heim eller tilbake til hotellet, og det var ein fordel for dei som hadde audition ganske tidleg på dagen. For meg var det ikkje slik. Det tok 13 timar før det var min tur til å gå på scena og framføre songen min, fortel Trøite.

Ho seier at deltakarane vart filma på venterommet frå ni om morgonen til rundt halv ti på kvelden.

– Men sidan me vart filma heile tida og intervjua, gløymde eg eigentleg at eg var nervøs, fortel ho.

Då nummeret mitt, 16654, vart ropa opp av crewet kjente eg det på pulsen. Etter 13 lange timar med intervju, filming, stemming av gitar og oppvarming gjekk det opp for meg at eg skulle på sjølvaste Norske Talenter-scena. Stå framfor dei fire kjente dommarane. Eg var allereie veldig sliten, og blei automatisk nervøs, fortel ho.

Trøite fortel at ho skalv då ho gjekk ut på scena og såg dommarane smile og publikum klappe.

– Nervøsiteten gjekk skikkeleg inn på meg, men eg visste at eg måtte gje alt for å vise kven eg er som artist. Å stå på scena er jobben min, så dette skulle ikkje vere noko problem. Eg skulle berre ha det gøy, og gje alt, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du har skrive ein hit

Trøie presenterte seg for dommarane og framførte låten til stor applaus frå salen.

– Eg synest dette var veldig fint med ein nydeleg tekst, men eg skulle ynskje du tok oss meir inn og song meir ut til publikum, uttala Janne Formoe.

– Du spelar, skriv og syng sjølv, det her er eit stort potensial til ein fin artist, sa Mona Berntsen og takka for ein veldig bra audition.

– Du har ei unik, god stemme som kan bli ei stemme me vil høyre meir til i Noreg, uttala Bjarne Brøndbo, men sa han blei stressa av at kapoen på gitaren gjorde at nokre av akkordane vart litt falske.

– Det som imponerte meg mest var songen din. Du har skrive ein hit. Her høyrer eg eit låtskrivartalent med ei svært god stemme, uttala Mia Gundersen før alle dommarane sa ja til å sjå vinbyggjen vidare i tevlinga.

– Når dommarane kom med tilbakemeldingane vart eg utruleg glad. Kritikken frå Janne og Bjarne tek eg berre til meg, det er noko eg må jobbe med. Det var synd at gitaren hadde nye strenger denne dagen, så den vart fort ustemt under songen, men slik skjer ikkje neste gong eg spelar framfor dommarane. Når Mia seier at eg har skrive ein hit, og Mona at eg er ein artist, byrja tårene å koma. Det er godt å høyre – få ei stadfesting på at eg har laga noko stort. Som person er eg veldig kjenslevar, så eg klara ikkje halde inne gledestårene, fortel Trøite.

Ho fortel om mange fantastiske tilbakemeldingar etter auditionen vart sendt på fjernsynet

– Det at så mange set pris på det eg gjer, er stolte og heiar på meg, gjev meg fleire grunnar til å fortsette med musikk og satse på det store, seier 17-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når Trøite kjem på fjernsynsskjermen att er enno ikkje bestemt. TV2 melder at dommarutvelgingsprogramma blir sendt fire fredagar i oktober, kven av fredagane Irmelin skal vere med kan dei enno ikkje seie.

– Neste runde blir konkurransen enda tøffare, seier Trøite.

Her kan du sjå Irmelin sin audition på Norske talenter

tone.tveit@vtb.no