Oppleving: Emma Valseth Holmegård hadde flotte dagar i Stjørdal i samband med landsfestivalen i UKM.

– Det var stort å få beskjed om at eg var ein av dei som skulle representere Telemark i landsfestivalen

Fyresdal har fostra mange gode songarar og musikarar. Emma Valseth Holmegård passar godt inn i den kategorien. Tenåringsjenta som fyller 17 år denne månaden, fekk under landsfestivalen i UKM vist at ho er eit stort talent.

Emma og det ungdommelege publikummet fann tonen då fyresdølen som har eitt år bak seg på vidaregåande, dukka opp på den store scena. Det å få sjansen til å synge for så mange var eit av festivalens store høgdepunkt for debutanten.

– Eg har vore med på lokal og fylkesmønstringar i UKM fleire gonger. Men dette var fyrste gong eg fekk moglegheita i nasjonal samanheng. Det var stort å få beskjed om at eg var ein av dei som skulle representere Telemark i landsfestivalen, for det var ikkje i mine tankar at eg skulle innleie sommarferien på denne måten, seier Emma då det var tid for å oppsummere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Går på skule i Vennesla

Då den ferske landsfestivaldeltakaren var ferdig på ungdomsskulen valde ho å byrje på musikklinja på den private vidaregåande skulen i Vennesla. Ho har funne seg godt til rette der, og har planer om å bli på Sørlandet i minst to år til.

Før skulestart i slutten av august, skal Emma nyte sommaren saman med slekt og venner i Fyresdal. Ho har ikkje sett så mykje til dei i løpet av skuleåret, då det er litt for lang pendlaravstand til at ho kan reise heim kvar helg. Men i haust-, vinterferie, og i høgtidene er ho i heimbygda. Emma har lagt planar for dei neste vekene og sommarferien.

– Eg skal ha sommarjobb og har samtidig planer om ha mykje tid saman med venner og familie. Konsertar i Oslo og Trondheim blir det også. Eg ser særleg fram til den i Trøndelag i starten av august, seier ho som brukar mykje av fritida på song og musikk.

Ho hadde ingen spesielle forventingar då ho reiste til Sandefjord på fylkesmønstringa.

– Det var som sagt utruleg moro å få beskjed om at eg hadde gått vidare, og var ein av dei som skulle representere Telemark og Vestfold i landsfestivalen. Den blei ein opptur ettersom eg blei kjent med ein god del og fekk nye venner. Stort var det også å stå på scena, vere med på workshop og få vere publikum på dei mange fine framsyningane, seier fyresdølen.

Ho legg ikkje skjul på at det er ein draum å gjere musikken til eit levebrød, sjølv om ho veit at nålauge er trongt. Ho har alt lagt ut songar på Spotify, og har blitt tatt godt i mot. Det var også eit eige produkt som skaffa plassen i fylkesmønstringa.