Fotball og bøker: Theodor Gulseth Skogsrød (t.v.) og Jens Lundevall-Bleikelia er glade i både bøker og fotball, då passar det bra med fotballbøker.

Snart klart for sommar, skulefri og Sommarles

For elevane på Høydalsmo skule handlar sommaren om meir enn å bade og gå i shorts – frå 1. juni til 30. august blir leselysten deira premiert.

På tysdag samla alle elevane frå 1.-7. klasse på Høydalsmo skule seg i matsalen. Elin Normann frå Tokke folkebibliotek kom på besøk for å informere om Sommarles-prosjektet. Ho hadde med videohelsing frå statsministeren og kronprinsesse Mette-Marit som oppfordra alle elevane til å lese masse i sommar.

I tillegg fekk elevane i heile Tokke ein eigen helsing frå kampanjeleiinga fordi dei gjennom fleire år har vore veldig flinke i Sommarles.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje for alle ungar frå 1.–7. klasse. Meininga med kampanjen er å få motivasjon til å lese om sommaren. Ungane lagar ein konto der dei registrerer alt dei les, går opp i nivå, får digitale trofé og ikkje minst fysiske premiar som ein hentar på biblioteket i sin kommune. Dei får like mykje poeng for å lese sjølv, bli lest for og for å høyre på lydbok.

Elevane får premie for å nå nivåa 10, 20 og 30.

– Blir det premie for nivå 40 også?, spør Jens Lundevall-Bleikelia.

– Kanskje, me jobbar med ei overrasking, fortel bibliotekaren.

– I fjor kom eg på nivå 41, legg Jens til fornøgd.

– Ja, det veit eg, eg hugsar det, svarar Nordmann.

Sommarles startar 1. juni og sluttar 30. august. Biblioteket i Høydalsmo er ope kvar tysdag, men det stenger når skulen tek ferie.

Nordmann fortel at elevane då kan besøke biblioteket på Dalen, og i tillegg kjem dei til å opne eit eiget sommarbibliotek i sentrum. Dei har fått eit tilskot av Nasjonalbiblioteket på 70 000 kroner, og planen er å opne 16. juni, samstundes med Dalsmarken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir i lokala der Nova har vore, og her blir det litt ekstra fokus på Sommarles, seier ho.

Elevane stortrivst på biblioteket

Leseglade: 6.-klassingen Marthe Rui Nestestog (bak f.v.), 5.-klassingen Raminta Trapikaite, 5.-klassingen Emil Solbu Rydland, Jens Lundevall-Bleikelia (framme) og Theodor Gullseth Skogsrød i 3. klasse på Høydalsmo skule har mange gode boktips.

6.-klassingen Marthe Rui Nestestog, 5.-klassingane Raminta Trapikaite og Emil Solbu Rydland, og Jens Lundevall-Bleikelia og Theodor Gullseth Skogsrød frå 3. klasse har alle deltatt i Sommarles før og brukar biblioteket på skulen mykje.

Dei fortel at dei les meir om sommaren enn elles i året.

– Når eg køyrer bil likar eg best og slappe av å høyre på lydbok, og når eg er ute kan eg sole meg og lesa samtidig, fortel Marthe.

– Det er avslappande å lese i sommarferien, då ein ikkje har så mykje ana å gjera, syntest Emil.

Emil meiner at premiane ikkje har så mykje å seie, det er moro å lese uansett. Medan Theodor er veldig interessert i å vinne ei haitann, som er ein av premiane. Det var visst veldig inn med desse haitennene.

Anbefaler: Emil Solbu Rydland, Raminta Trapikaite og Marthe Rui Nestestog viser fram nokre av favorittane sine.

Medan Emil anbefaler Verdens verste-serien legg Theodor raskt til at forfattaren Percy Jackson er ein av hans favorittar.

– Eg likar å lesa fantasy og teikneserie, og nokre bøker på engelsk, fortsett Marthe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest det er gøy å lese bøkar når det er ein serie, legg Jens til.

Ein annan viktig del av Sommarles er at det kvar veke kjem eit nytt kapittel i historia om Astrid og Asbjørn. Historia kan elevane lese eller høyre på lydbok. For fyrste gong er den lese inn på nynorsk.

– Kva synest de om det?

– Det er bra!

– Kva vil de seie til nokon som ikkje har vore med på Sommarles før?

– Bli med på Sommarles, seier Jens gira.

– Heng deg på!, legg raskt Emil til.

Les også
Dei vaksne får sin eigen lesekampanje - Vinterles