Populær: Soria Moria på Dalen er populær både hos lokalbefolkningen og turistar.

– Det er moro at det har utvikla seg ein badstovekultur her på Dalen

Badstova på Dalen har fått mykje heider og merksemd den siste tida. Det merkast på etterspurnaden.

– Det gjer det absolutt. Badstova har vore populær heile tida, og all omtala hjelper på, fortel reiselivskonsulent i Tokke kommune, Synne Aasland.

Soria Moria opna hausten 2018, og vart tatt i bruk i januar i fjor. Det fyrste året var det drop-in på onsdagar i tillegg til booking, men nå er det også drop-in på laurdagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var fullt på onsdagar, derfor har me auka tilbodet. Me prøvar nå å ha drop-in på laurdagar slik at me kan nå hyttefolk, seier Aasland.

Ho fortel at det er ei god blanding av folk som brukar badstova på Bandak, både lokale, turistar på gjennomreise og folk som kjem til Dalen berre for å besøke badstova fordi dei har sett bilde på Instagram eller andre stadar.

– Det er moro at det har utvikla seg ein badstovekultur her på Dalen, seier Aasland.

I løpet av 2019 hadde kommunen 175 000 kroner i leigeinntekter frå Soria Moria. I januar vart det kjent at Soria Moria vann DOGA-merket for god design 2019, at bransjemagasinet Architectural Digest kåra Soria Moria til éi av dei ni finaste badstovene i verda og at badstova skal stillast ut på arkitekturbiennalen i Venezia.

Les også
Soria Moria kåra til ei av dei ni finaste badstovene i verda