Siste finpuss: Diva får siste finpuss av Odd Arne Byberg, Andrea Mæland og Ragnhild Stade frå Flatdal.

Andrea og Ragnhild: – Det er dette som er Dyrsku'n

Klokka ni opna portane til årets fesjå i Seljord. Då var det alt køar framfor portane.

Telemarkskalven Diva får siste finpuss med maskina av Odd Arne Byberg før mønstringa.

– Er dette bra, spør han etter ei stund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er 12 år gamle Andrea Mæland som skal gå saman med Diva. Ho er alt ein røynd mønstrar.

– Eg har gått mange gonger før. Fyrste gong var eg fire, men då gjekk eg saman med besta da, fortel Mæland som kjem frå Flatdal.

– Men det er fyrste gong eg skal gå med telemarkskalv, legg ho til.

Venninna hennar Ragnhild Stade er også med og gjer Diva klar. Dei synest begge det er moro med dyr på Dyrsku'n.

– Det er dette som er Dyrsku'n, å ordne og styre med dyra og kalvane, meiner Stade.

Vil bidra til å bevare telemarkskyri

Flotte: Per Helge Seltveit frå Fyresdal saman med Blanka og kalven Tor.

Per Helge Seltveit frå Fyresdal har tatt med seg telemarkskyri Blanka på fire år og kalven hennar Tor. Dei skal vere i Husdyrhallen i Seljord heile helga, og då tenkte Seltveit at dei også kunne stille ut.

– Ho blir dømt som ammekyr, ja, fortel Seltveit.

Heime på Tortveit i Fyresdal har han seks telemarkskyr som kalvar. Seltveit har drive med rasen sidan 2009. Nokre år før det hadde han andre rasar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor ville du ha telemarkskyr?

– Det var ein ganske stor besetning i Fyresdal hos Aslak Snarteland, og han er ein god kamerat. Eg synest dei er flotte dyr, og dei er jo også trua så det er viktig å vere med å bidra til å bevare rasen, seier Seltveit.

På fredag er det både dømming av ku og geit på programmet, og Jon Hauge (17) frå Arabygdi syner fram geitene for dommarane. Sjølv går han på vidaregåande i Bø, og fortel at det er geitene tilhøyrer faren.

– Når byrja du med dette?

– Eg har stilt ut på Dyrsku'n så lenge eg kan hugse, smiler Hauge.

– Me skal mønstre seinare i dag, bror min og eg, fortel han.

– Lika dommarane det dei såg?

– Me får håpe det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dømming: Jon Hauge (17) frå Arabygdi syner fram ei av geitene for dommarane.