Sosialt: Humøret er på topp hjå dei godt vaksne vestlendingane som skal kose seg i Seljord fram til sundag.

«Det e’ så kjekt på Seljord»

Alt tysdag ettermiddag står bubilane i kø for å koma inn på Dyrskuplassen der det er vårmarknad fredag og laurdag.

Aller fremst i køen står dei som kom i tolvtida tysdag. Der skal dei altså stå heile denne dagen og heile nasjonaldagen før dei slepp inn på plassen klokka 12 torsdag. Og deretter har dei nesten ein dag på å gle og førebu seg til marknaden som opnar fredag. Kva er det som gjer arrangementet så attraktivt at dei kjem dagevis i førevegen?

– Det e’ så kjekt på Seljord, kjem det unisont frå gjestene som har samla seg i sola attmed bubilen som står fyrst i køen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppstilling: Alt tysdag hadde mange bubilar teke plass framfor porten på Dyrskuplassen. Vårmarknaden er fredag og laurdag.

Vestlendingar

Kven er dei? Somme kjem frå Sveio, andre frå Bømlo, nokon frå Tysvær, eit par frå Stord – i tillegg er Vats representert. Vestlendingar alle saman, altså.

– Dessutan er det finare vêr her. Heime regna det i dag, fortel dama frå Vats.

Dei fleste i forsamlinga har vore på vårmarknaden mange gonger; nokon påstår også at dei har vore på alle saman. Sjølv om somme av camparane også brukar å vera på Dyrsku’n, gjeld det langt frå alle. At det er gildt å reise på vårmarknad i Telemark forklarar ein av karane med at det fell saman med opninga på bubilsesongen.

– Nå er det vår, liksom. Då er det halen til vêrs og bånn gass. Det er litt som når ein slepper dyra ut på beite om våren, ler han.

Tog til sentrum

Å campe på Dyrskuplassen frå torsdag til sundag kostar 600 kroner per person, går det fram av programmet. Prisen inkluderer inngang til marknaden og til kveldsarrangementet fredag. Men vil ein høyre på, og/eller danse til, The Boots Band laurdagskvelden må ein ut med 300 kroner i tillegg. Men fyrst er det 17. mai.

– Kva planar har de for nasjonaldagen?

– Då får me samle folka her og gå i tog ned til sentrum, svarar campinggjestene.

Og når grunnlovsdagen er over står berre helgetorsdag att før vårmarknaden startar fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men kva skal dei handle?

– Eg skulle hatt meg ei ny fjøsdør.

– Men får du tak i det då, trur du?

– Ein veit aldri.