Så det sprutar: Det vert mykje spon og støv i verkstaden. – Det neste dei burde investere i her, er eit sponavsug seier kurshaldar Tor Nyhus.

Det dreiar seg om eit raudlista handverk, utstyr til fleire hundre tusen kroner – og ei gigantisk ølhøne

– Eg visste det var noko som snurra, og tenkte eg ville prøve meg, om eg er aldri så gamal, smiler Olav Vaa (85). Det er 65 år sidan førre gong han dreia noko, og like mange år ned til yngste kursdeltakar i kjellaren på Raulandsakademiet.

65 år sidan sist: Olav Vaa (85) prøvde litt tredreiing for 65 år sidan, men har no fått friska opp kunnskapen på eit firedagars dreiekurs.

– Eg kan møte deg ute på Telemarkstunet, eg, så går me saman til dreieverkstaden, seier Ann Mari Jore.

Ho er leiar i husflidslaget, som arrangerer dreiekurs denne veka, og viser veg gjennom ein labyrint av dører, gangar og trapper inne på Raulandsakademiet. Etter kvart høyrer me ein svak durelyd, og snart er me på plass i ei lett støvtåke i den nyinnreia dreieverkstaden. Her er åtte karar halvvegs i den tredje av fire kursdagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjer det igjen: For 30 år sidan var Ann Mari Jore med på å syte for nye dreiebenkar i verkstaden. No var dei igjen mogne for utskifting, og då sende Jore ein søknad til DNB Sparebankstiftinga. Ho fekk napp, og oppmodar andre lag som treng å ruste opp verkstaden sin om å gjere det same. – Dei har ei satsing som heiter «handverksløftet», og der kan det vere pengar å hente for fleire.

Sette foten ned

– Det er vel mi skuld at de måtte få dykk nye dreiebenkar, humrar kurshaldaren Tor Nyhus. Det er to år sidan Nyhus, som opprinneleg kjem frå Gudbrandsdalen, hadde kurs her sist.

– Og då sa eg at her blir det ingen fleire kurs før det er nye dreiebenkar.

Det er 30 år sidan sist verkstaden fekk nye dreiebenkar, og då som no hadde Jore ein finger med i spelet.

– No søkte me om pengar frå DNB Sparebakstiftinga. Dei har ei satsing som dei kallar «handverksløftet», og der fekk me napp, fortel Jore. Husflidslaget fekk 253 000 kroner, og la til om lag 30 000 sjølv. Det har resultert i ni nye dreiebenkar og ein heil del nytt verktøy, og dermed vart det igjen kurs med Nyhus.

– Det har blitt veldig bra her. Men eit sponavsug, det burde me hatt, seier Nyhus.

Så det sprutar: Det vert mykje spon og støv i verkstaden. – Det neste dei burde investere i her, er eit sponavsug seier kurshaldar Tor Nyhus.

Ein risikosport

– Det blir stadig fleire unge pensjonistar med mykje fritid. Og det er ein risikosport, meiner den engasjerte kurshaldaren.

– Ved å delta i aktivitetar held ein seg ung, vital og sosial. Dessutan har det praktiske arbeidet ein stor verdi, og då tenkjer eg også på skulen og arbeidslivet. Teorikunnskap blir forstått på ein annan måte når det heng saman med noko praktisk. Du kan lære om vinklar i matematikken, men her må du nytte dei for å få verktøyet til å fungere.

Nyhus jobbar sjølv i bank, og bruker dreiinga til å kople av frå jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og då ser eg jobben på ein annan måte også.

Fokus på tryggleik

Tryggleiken er i fokus på kurset, og alle får grundig opplæring i festing av emne, visirbruk, verktøygrep og dei rette arbeidsvinklane.

Skarpe verktøy: – Det er avgjerande at verktøya er sylskarpe, fortel Nyhus. Han meiner ein kombinasjon av tradisjonelle og moderne verktøy er det beste. Meiselen øvst og ringjernet nest nedst er tradisjonelle verktøy, og må slipast skarpe. Verktøya nedst og nest øvst er moderne karbidjern. Det er svært harde og vert ikkje slipa. Den vesle brikka øvst på jernet blir i staden snudd når den blir sløv, slik at ein ny, skarp kant kan nyttast. Den femkanta stonga på karbidjerna gjer også at dei ligg veldig støtt, noko som er ein fordel for nybegynnarar.

– Dette er eit unikt handverk på den måten at det er treet som lear seg, og ikkje verktøyet. Men det er mykje krefter her, så ein må vere nøyen og vaken, understrekar Nyhus.

– Det fekk eg erfare i går, innrømmer Vaa.

– Då hadde eg festa emnet for dårleg, og plutseleg flaug det rett forbi øyret mitt. Og eg som hadde gløymt visir i tillegg. Det var ei aha-oppleving.

No er Vaa i gang med finpussen på bollen sin, og Nyhus tek ein kikk.

Siste finpuss: Det er moro å pusse når treet snurrar og ein berre treng å flytte pussepapiret roleg att og fram. – Men her bør du gå attende og ta meir med eit grovare pussepapir, til dømes 180. Ellers kan du stå her heilt til jol og framleis ikkje bli kvitt dei ripene, seier Nyhus til Vaa.

– Her bør du gå attende og ta meir med eit grovare pussepapir, til dømes 180. Ellers kan du stå her heilt til jol og framleis ikkje bli kvitt dei ripene.

Nyhus har eit vakent auge på resten av elevane også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No må eg berre bort til ein som er på ville vegar, seier han plutseleg, og fer bort til ein ung mann i andre enden av rommet.

Mykje meir stas enn ein plastbolle

Det er fleire unge menn på kurset, sidan universitetetsstudiet i trearbeid kjøper kursplassar til heile fyrste klasse.

På ville vegar: Nyhus skundar seg bort til Ole Anders Øvrenæss. – Her har du ikkje festa emnet godt nok, seier kurshaldaren og strammar festeskruen litt meir. – Og skal du ha den rund, så må du begynne på hjørnet, og jobbe med treet, instruerer han og viser korleis meiselen skal ligge.

– Me er tre på tre i fyrste klasse, seier Embrik Ødegård (22). Han synest det er kult å lære noko nyttig.

– Det er moro å leike med formene, men det tek jo lang tid, særleg for oss som er nybegynnarar. Så det er vel ikkje akkurat nokon økonomi i det. Men så er jo det her mykje meir stas enn ein plastbolle da, seier han og viser fram bollen han har laga.

– Det er eitt eller anna her som er meir verd, som ein ikkje heilt kan rekne på.

Ting med sjel: – Det er jo mykje meir stas med denne her enn ein plastbolle, meiner Embrik Ødegård. Oppi bollen har han plassert dei to andre produkta han har laga – joletre og snurrebass.
Kan vere innbringande: Når ein får opp farten, kan det også vere pengar å tene på tredreiing. Kurshaldar Tor Nyhus kan dreie eit joletre på to minutt, og bruke eit par minutt til på overflatebehandling. Produktet kan han lett få selt for 200 kroner. Han kan også lage snurrebassar i kjempefart. – Eg kan lage ein snurrebass, spinne den, og vere ferdig med den neste før den førre har slutta og snurre. Men då må eg vere i eit godt driv fyrst, altså, humrar Nyhus

Både Embrik og klassekameraten Ole Anders Øvreness (21) er einige om at dreiing er den nest beste teknikken dei har lært om så langt, men fyrsteplassen er dei ueinige om.

– Sveiping på fyrste plass og spikking på tredje, seier Embrik.

– Motsett, svarar Ole Anders kontant. Derimot er dei einige om at det verste dei har vore borti på studiet så langt er krympeboksen, der ein holar ut eit stykke av ei rå trestamme med bark på, som så skal krympe på plass kring ei botnplate ved at treet tørkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var så stressande, og så vanskeleg å få den vasstett. Hakket til botnen måtte jo vere heilt perfekt, sukkar Embrik.

To med treinteresse: Dreiing får sylvplassen på topp-tre-lista til Embrik Ødegård (t.v.) og Ole Anders Øvrenæss, som begge går på trearbeidslina på universitetsavdelinga i Rauland. Dei to andre plassane går til spikking og sveiping, men her er ikkje studentane einige om kva som skal få gull og bronse. Begge vil halde fram med å dreie. – Eg har faktisk sikra meg ein av dei gamle dreiebenkane frå verkstaden her, seier Ole Anders.

Kjempe-høna

Også Nyhus driv med andre teknikkar enn dreiing, og lagar mellom anna ølhøner. Viss du googlar «øyfjell» og «ølhøne» vil du få opp mange treff som seier at ein kan sjå Noregs største ølhøne på Øyfjell Bygdemuseum. Men det er 24 år sidan det var rett, for i 1999 laga Nyhus den største ølhøna i verda.

– Eg spurte Aas Bryggeri: Viss eg lagar ei ølhøne som kjem i Guinness Rekordbok, kjøper de den då? Og dei sa ja.

Dermed sette han i gang, og laga ei ølhøne som rommar heile 603 liter.

– Eg kom i rekordboka, og bryggeriet kjøpte høna.

Rekord-høna: Denne ølhøna, laga av Tor Nyhus, er verdas største. Ho rommar heile 603 liter, og er anerkjend som den største ølhøna i verda i Guinness Rekordbok. Dermed må nok ølhøna i Øyfjell begynne å marknadsføre seg som Noregs nest største. Foto: privat.

Fleire burde dreie

Dreiing har eksistert i over 2000 år, men har blitt mindre og mindre vanleg. På 80-talet var det ein oppsving med auke i interessa, men så gjekk det nedover att.

– Det er eit raudlista handverk, seier Nyhus, som meiner at særleg damer burde dreie meir. Han har stadig kurs, men i snitt er berre om lag éin av fem kursdeltakarar kvinner. På dette kurset er kvinnedelen null.

– Damer er veldig flinke. Dei har ofte god formsans, er nøye med detaljane og står ikkje tilbake for karane på nokon måte, understrekar Nyhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ann Mari Jore har på dette tidspunktet gått attende til Telemarkstunet, og dermed er bladfyken den einaste dama som er til stades.

– Så du slepp ikkje ut herifrå før du har dreia noko, seier kurshaldaren spøkefullt.

Dermed får eg på meg frakk og visir, og får dreie ein snurrebass med litt rettleiing frå Nyhus. Dette synest dei eldre karane er artig, og dei nyttar høvet til å dra fram mobilane sine og knipse bladfyken, som rett før hadde fått dei til å stille opp på bilete.

Det finst nok ingen snurrebass som hadde greidd å spinne i dei 15 minuttane det tok før min var ferdig, men jammen blei det firkanta trestykket forvandla til ei brukbar leike.

– Husflidslaget har hatt kontakt med kulturskulen om å tilby helgekurs i dreiing, og dessutan kjem Nyhus attende i sommar og held to kursveker, fortalte Jore før ho drog frå verkstaden. Så dermed blir det mogleg for fleire dreielystne å prøve dei nye dreiebenkane utover i året.

Viss de finn fram, då. Utan vegvisaren vart det nemleg nokre turar att og fram i akademilabyrinten før bladfyken igjen kunne puste inn frisk, støvfri luft.