Desse fekk Draumestipend i Telemark
50 unge frå heile landet har fått draumestipend. Tre av dei er frå Telemark.
Gjertrud Raftevold Rue frå Flatdal går siste året på ein bachelor i mote og produksjon ved OsloMet, og prosjekta hennar har både indirekte og direkte blitt påverka av dei tradisjonelle handverka og materiala i Noreg.
På heimesida til Draumestipendet skriv Raftevold Rue:
Artikkelen held fram under annonsen.
«Tilhøyrsle er viktig for menneske; ein vennegjeng, ein familie, på jobben, eit fotballag, eit politisk parti… For meg er tilhøyrsla til staden eg vaks opp ein viktig del av meg. Så fort eg ser snippar på ryggen på bunaden til ei kvinne, veit eg med ein gong at dette er nokon, som til liks med meg, har tilhøyrsle til Vest-Telemark. Eg ønskjer å bidra med å ta vare på den immaterielle kulturarven som folkedraktene og bunadane me har i Noreg er ein del av. Telemark er ein av plassane i Noreg med ubroten drakttradisjon som har røter langt bak i tid. Drakttradisjonen i Aust-Telemark har blitt arbeidd mykje med dei siste åra. No har eg lyst til å ta for meg drakttradisjonen i Vest-Telemark! Eg drøymer om å dokumentere all variasjon som finst i drakttradisjonen i Vest-Telemark. Etter eg har levert bacheloren min i mote og produksjon til våren, ønskjer eg å nytte meg av kunnskapen eg har tillært meg til å utforske tradisjonelle og raudlista handverkstradisjonar frå Vest-Telemark, ved å besøke og snakke med lokale folk. I 2024 har eg besøkt Gerd Unni Haugstoga i Flatdal, Sigrid Moen Brennemo i Seljord og Kari-Anne Pedersen i Oslo for å lære om drakttradisjonane våre, men eg veit det bur mange kunnskapsrike menneske i Vest-Telemark som eg vil ha stor nytte av å møte og snakke med.»
Draumestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Kulturskulerådet, og støttar årleg 50 ungdommar i alderen 18–25 år med kunst- og kulturdraumar.
I år er 1,5 millionar kroner fordelte på 50 mottakarar som får 30.000 kroner kvar. Dei vart plukka ut blant 570 nominerte.
Fylkesvis fordeler vinnarane seg med to i Agder, fem i Akershus, fire i Buskerud, to i Finnmark, to i Innlandet, fire i Møre og Romsdal, tre i Nordland, fem i Oslo, to i Rogaland, tre i Telemark, tre i Troms, fire i Trøndelag, to i Vestfold, fem i Vestland og fire i Østfold.
Dette er Telemark-vinnarane:
Marie Tveter frå Midt-Telemark. Kategori: Musikk
Gjertrud Raftevold Rue frå Seljord. Kategori: Open klasse
Io Cappelen Smith frå Porsgrunn. Kategori: Skapande skriving
(©NPK)
Artikkelen held fram under annonsen.