Autentisk: Kim Leine fortalde at filmen, som no er ferdig, mellom anna blei filma i den bygda han budde fem år i på Grønland.

Den «superautentiske» filmen om Kim Leine er lansert

Filmen «Kalak» er basert på forfattaren Kim Leines sjølvbiografiske roman med same namn. Til Vest-Telemark blad fortalde Leine i fjor at filmen er «superautentisk».

– Filminga er gjort både i Danmark og i bygda på Grønland der me budde i fem år. Delar av handlinga er filma i leilegheita til far min i København. Han flytta inn der i 1978, og døydde i 2022, 87 år gamal. Bustaden såg likeeins ut då som han gjorde då eg kom dit, fortalde han.

Det er truleg i denne leilegheita fyrste delen av filmen utspelar seg. Filmmeldaren i Aftenposten omtalar innleiinga til filmen som sjokkerande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Opningsscena viser korleis faren misbruka Jan seksuelt då han var 17 år gamal. Me ser korleis den vaksne overgriparen manipulerer tenåringen til «friviljug» å samtykke til brotsverket, skildrar han.

– Ein solid film

Kim Leine har sjølv skrive manuset til filmen, som er regissert av Isabella Eklöf. Skodespelaren Emil Johnsen har hovudrolla som Jan. Med seg har han Asta August, Berda Larsen og Connie Kristoffersen.

Filmen handlar om sjukepleiaren Jan som flyttar til Grønland saman med kona og to born.

– Eg gjorde alt eg kunne for å bli ein så ekte grønlender som råd. Dei kalla meg «kalak», som vil seie «ekte grønlender», men som også kan tyde «din jævla idiot», sa Leine om omgrepet som har blitt filmtittel.

Filmatisert: Kim Leines debutroman «Kalak», utgjeven på Cappelen forlag i 2007, er filmatisert.

Meldaren i avisa Dag og tid omtalar «Kalak» som ein solid film.

– Grønland er samansett skildra. Vi får flotte scener av ulike miljø i Nuuk og aust i Kulusuk. Eklöf er utanfrå, men syner omhug for folka ho har fått møte på filminnspelinga, sjølv om ho ikkje vik frå sosiale problem, meiner skribenten.

Alt sommaren 1994 skreiv Vest-Telemark blad om sjukepleiaren frå Seljord sin jobb på Grønland. Den gongen var han den einaste sjukepleiaren, og det einaste helsetilbodet, på Kulusuk, ei øy med 300 innbyggjarar.

– Akkurat dét kan vera nokså tøft i blant. Det er eg som må ta avgjerder om sjuke folk skal bli frakta med helikopter inn til sjukehus i byen, ein transport som er svært dyr, fortalde han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølvdestruktivt

Det han ikkje fortalde til lokalavisa den gongen, men som han seinare omtala i den sjølvbiografiske romanen som no har blitt filmatisert, var korleis rusmisbruk og utruskap prega livet hans.

Filmmeldaren i Aftenposten meiner filmen er på sitt beste i nærstudiet av Jan.

– Norske Emil Johnsen leverer ei klokkerein tolking av ein mann som er i ferd med å gå til grunne. Portrettet av Jans fall kjennest så organisk, mellom anna fordi filmspråket er så stilsikkert, og miljøskildringa frå Grønland er nedpå, skryter skribenten.

Manusforfattaren, som er Leine sjølv, har ikkje fylgd produksjonen. For som han sa då han var heimom i Seljord i fjor: «Ein skal la barna sine gå ut i verda og greie seg sjølve.»

Kim Leine

•Fødd i Seljord i 1961 og flytta som 17-åring til Danmark.

•Utdanna sjukepleiar og flytta til Grønland der han budde i 15 år.

•Debuterte i 2007 med romanen «Kalak» som har sterke sjølvbiografiske trekk.

•For romanen «Profetene i Evighetsfjorden» blei han i 2013 tildelt Nordisk råds litteraturpris.

•I 2015 kom romanen «Avgrunnen» som er ei forteljing om krig og fred i det førre hundreåret.

•For boka «Rød mann/sort mann« (2018) blei han i 2019 tildelt P2-lyarane sin romanpris.

•«Rød mann/sort mann» og «Etter åndemaneren» (2021) er båe uavhengige oppfylgjarar av «Profetene i evighetsfjorden» og blir rekna som ein del av Grønlands-trilogien.

•I fjor haust kom romanen «Karolines kjærlighet» ut, ein roman som NRK-meldaren Marta Norheim omtala som «gjørmeversjonen av dansk samfunnsliv anno 2013–2015».

•Forfattaren har også gjeve ut fleire barnebøker.

•Bøkene hans er omsett til meir enn tjue språk.

Kim Leine skriv fyrst bøkene sine på dansk og så omset han dei sjølv til norsk.

(Kjelder: cappeledamm.no, nrk.no og forfattaren sjølv.)