Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Den seinaste NRK-distriktssendinga for kvelden forsvinn frå nyttår

NRK legg ned distriktssendingane på TV klokka 22.55 frå nyttår. Distriktssendingane klokka 19.45 består og skal fornyast.

Avgjerda om å fase ut kveldssendingane vart kunngjord før sommaren, men tidspunktet for utfasinga har ikkje vore kjent før no, skriv NRK i ei pressemelding.

NRK har i dag ti regionale TV-sendingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Publikum vel i større grad enn tidlegare å få med seg innhald når dei sjølv vil, og det må NRK svare på, seier distriktsdirektør Marius Lillelien i NRK.

– Vi trur at ei fornying av 19.45-sendinga også vil gi eit betre tilbod til publikum. Alle skal vere trygge på at vi fortel om det når noko skjer der dei bur, seier Lillelien.

(©NPK)