Kjersti Rorgemoen.

Dei litterære spora etter Vinje

A.O. Vinje er eit namn ein ikkje kjem unna når ein snakkar om både den lokale og den nasjonale diktarkunsten. Me har spurt dei tre Vinje-forfattarane Kjersti Rorgemoen, Erlend Kaasa og Stein Versto om kva dei meiner A.O. Vinje har hatt å seie for heimstaden og for dei som forfattarar.

Om Kjersti Rorgemoen:

Fødd 1982

Frå Øyfjell i Vinje, og bur nå på Tvigyva i Lårdal. Gav ut «Purkene snudde seg» i 2009 og «Håpet og festen» i 2015.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har fått sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris, bokhandlerforeningens store forfatterstipend og Jan Roar Leikvolls minnepris.

Kjelde: kolonforlag.no

Kva meiner du A.O. Vinje har betydd for Vinje og Vest-Telemark?

Erlend Kaasa.
Stein Versto.

Han har nok hatt mykje å seie for sjølvforståinga i Vest-Telemark. Han hadde ein del eigenskapar eg trur ein set pris på her i området: med einmannsavisa si var han sjølvstendig og fri i sitt blikk på samfunnet, uavhengig av alt, bortsett frå lesaren. Han var intellektuelt driftig og del av hovudstadseliten, men med husmannsbakgrunnen sin var han på same tid djupt rotfesta i måten dei fleste i landet levde livet sitt på, strevet til bonden. Dessutan var han ikkje redd for å bruke ein humoristisk brodd, utan at det stengde for det ettertenksame og såre. Tvisynet hans er nok stadig eit ideal for mange i Vinje og Vest-Telemark. Men den mest handgripelege arven er naturlegvis den skriftspråklege: landsmålet som blei til nynorsken. Vinje var den fyrste som verkeleg tok i bruk Aasens ordlister og grammatiske system, og med viljen til å heimleggjere det framande, laga han også mange nye og forfriskande ord. Nynorsken har vore og er viktig for identiteten i Vest-Telemark, den har til dømes gjort det lettare for oss å bruke og vere stolt av dialekten vår.

Kva er ditt forhold til A.O. Vinje som vinbyggje og forfattar?

Eg skreiv masteroppgåve om «Ferdaminni fraa Sumaren 1860», så den har eg lese nøye og med stor glede. Han skreiv såpass ulikarta og motstridande at han er vanskeleg å bli ferdig med. Alt er ikkje like tilgjengeleg, og heller ikkje interessant for dagens lesar, så eg vil ikkje tilrå å byrje med den originale Dølen i gotisk skrift. Men det finst fleire moderniserte utval med dei mest levande tekstane. Eg har også likt å lese ulike lesningar av Vinje sine skrifter, kanskje aller best Jon Haarbergs avhandling «Vinje på vrangen». Haarberg justerte det alvorsame martyr-bilete nynorskleiren til då hadde laga av Vinje, og sette ljos på dei skjemtande, burleske og maktkritiske sidene ved han. Eg har nok vore svak for akkurat dei sidene, og dermed blitt inspirert som forfattar, gleda ved å trekke ting ned når dei byrjar å svive for høgt, gje eit spark mot fagblinde og stokktrudom, oppdage nye ord som utvidar verda.

Eg har vakse opp i Øyfjell og heilt i utkanten av kulturkommunen, men ein sommar sat eg vakt i Vinjestoga. Til den rolla var eg dessverre altfor introvert og dessutan for sjenert til å synge dei fine songane etter Vinje. Det er bra Nordstoga-familien finst!

Om Erlend Kaasa:

Fødd 1976

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjem frå Åmot i Vinje, og er busett i Indre Arna i Hordaland.

Debuterte med romanen «Thunder road» i 2009 som han fekk litteraturprisen frå Alfred Andersson-Ryssts fond for 2010.

Gav ut «Livius» i 2015.

Kjelde: Alkunne.no

Kva meiner du A.O. Vinje har betydd for Vinje og Vest-Telemark?

Eg har ingen føresetnader for å seie noko om kva han har betydd for Vest-Telemark generelt, men eg vil tru at han må ha hatt mykje å seie for identiteten til vinbyggjane. Ettersom namnet hans er så uløyseleg knytt til staden han kom ifrå, kan det av og til verke som om mannen og staden har ein tendens til å gli litt over i kvarandre. Når ein refererer til mannen – A.O. – kling staden – Vinje – uvegerleg med, som understrengane på ei hardingfele, liksom staden knapt kan nemnast, utan at ein på eit eller anna vis får assosiasjonar til A.O. I seinare tid er denne koplinga blitt styrkt av at Vinje kommune har valt å spele på ein «Blåmann»-referanse i kommunevåpenet sitt. Utover dette, trur eg A.O. har gjeve vinbyggjane noko å vere stolte av. Han er guten som kom frå enkle, provinsielle kår, og som på trass av, men kanskje like mykje på grunn av dette, fekk ein sentral posisjon i utforminga av den nasjonale kulturarven vår. Såleis har A.O. også vore ein viktig komponent i «brandinga» av Vinje som eit kulturelt kraftfelt, til liks med Tarjei Vesaas og Odd Nordstoga.

Kva er ditt forhold til A.O. Vinje som vinbyggje og forfattar?

Då eg voks opp i Åmot på 1980-talet, var A.O. eit morskt andlet på 50-lappen – og lite anna. Det var fyrst på ungdomsskulen, då me blei slegne saman med elevane frå Vinjar, at det byrja å gå opp for meg kor innvoven han var i bygdekulturen. Vinjarelevane hadde A.O. i ryggmargen. Dei kunne til dømes finne på å bruke stubbar av tekstane hans til å kommentere kvardagslege fenomen og episodar. A.O. var ein heilt naturleg del av den kulturelle grunnutrustinga deira. Då eg blei eldre, fekk eg eit djupare innblikk i tekstane hans, sjølv om dei helst blei servert meg av andre, ikkje minst familien Nordstoga, som må seiast å ha gjort eit aldeles eineståande formidlingsarbeid på A.O. sine vegner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrst i desse dagar er eg i gang med å lese hovudverket hans, «Ferdaminni», og i lesinga har eg fleire gonger blitt overraska over kor frisk og aktuell denne teksten kjennest, 150 år etter at han blei skriven. Når eg skriv sjølv, er det kanskje noko av dette eg siktar mot: å slå tonar som kling gjennom rom og tid. Diverre må eg berre innsjå at eg aldri kjem til å lukkast like godt som A.O.

Om Stein Versto:

Fødd 1957

Frå Vinje, der han nå bur.

Debuterte med novellesamlinga «Ho blei borte i trappene» i 1990 som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.

Har seinare gjeve ut diktsamlingar og romanen «Nidaros» som kom i 2013.

Er også musikar, omsetjar og har skrive songtekstar for mange artistar, men framfor alt Odd Nordstoga.

Kjelder: allkunne.no og snl.no

Kva meiner du A.O. Vinje har betydd for Vinje og Vest-Telemark?

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var rette mennesket på rette staden til rett tid: ein mann av folket, i eit land som leita etter sin nasjonale identitet, etter hundreår med utanlandsk overherredøme – og såleis eit døme på korleis enkeltpersonar, jamvel utan nemnande formell makt, kan vera med å forme historia.

Såleis er han ein av dei vi i dag «står på», anten vi tenkjer på han eller ikkje: ein del av grunnlaget vårt som nasjon. I ei tid der gåverike intellektuelle drog på samlarferd frå byane, ut på bygdene, til bøndene, til folket, for å finne det norske, drog han, sjølv runnen av dette folkelege norske, inn til byen. Og vart ein av våre fremste intellektuelle. Og ikkje berre det – gjennom dikta sine skreiv han seg også inn i nordmennenes emosjonelle liv. Han, som hadde evne og vilje til å fange dei store linjene, hadde òg evna til å ta det ørvesle tytebæret og gjera det til eit bilete på grunnleggjande spørsmål i menneskelivet. Han var lunete, skiftande, kunne vera vrang og vrien: Han var ikkje på noko vis fullkomen. Og endå slo han gjennom, og vart ei gåve til oss. Han står der i dag som eit døme på kor viktig det er å vera seg sjølv, og ha den gode viljen i botnen.

I alt dette er han då sjølvsagt viktig for oss vesttelemarkingar òg – og for vinbyggjane. For oss her i bygdene handlar det dåvisst også om språket, og her må han dela rommet med Ivar Aasen. Det landsmålet som vart norm, og som desse to skal ha myke av æra for, stod ikkje langt frå vesttelemålet. I dette har Aasmund Olavsson vore med å gjera oss trygge på, og glade for, vårt eige språk.

Kva er ditt forhold til A.O. Vinje som vinbyggje og forfattar?

Om eg skal seia det med eit lite glimt i auga: Å vera frå Vinje og skrive tekstar som blir tonesette, er no ikkje akkurat noka ulempe! Og så er det dette med formuleringskunsten hans: Ikkje berre hadde han mykje på hjarta, men han hadde òg ei makalaus evne til å gje det uforliknelege uttrykk i språket. I alt dette mangslungne han var, står språkkunstnaren heilt sentralt. Han har, kan ein kanskje seia, gjort bygda Vinje til eit varemerke for godt språk. Det er god ballast å ha med seg for ein skrivande vinbyggje som meg.