Dalsmarken i regn, sol og vind

Etter at Dalsmarken har blitt avlyst to år på rad, kunne endeleg bygda ynskje vesttelar og turistar velkomne til den 300 år gamle tradisjonsmarknaden.

Dalsmarken vart arrangert 17. og 18. juni og hadde i tillegg til salsboder, eit innhaldsrikt program med konsertar, mange aktivitetar for born og ulike type underhaldning frå scenen.

Blant dei som opptredde på scena var den kjende fotballtriksaren Adrian Krog frå Oslo. I tillegg til å «showe» på scena, hadde han ein stand der han lærte bort triks til dei som ynskte, samt å skrive autografar til dei som ville ha det. Theo, Sondre og Abdulkarim syntest det var stas med besøk av Adrian.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lærte bort gode triks: Adrian Krog (f.v.), Abdulkarim Khalifa, Theo Beisland Sandok og Sondre Tøndel Sollid.

– Han er veldig flink, og han gjer mange kule triks me aldri har sett før, seier Theo.

– Også har me lært nokre heilt nye triks, legg Sondre ivrig til.

Alle tre gutane syntest det var ganske så kult at ein så kjend fotballtriksar kom til Dalen, og det var dei neppe åleine om. Adrian fekk ein nokså travel dag.

Artisten og låtskrivaren Irmelin Trøite frå Vinje spelte også på marken. Ho spela gitar og song vakkert for publikum. Nesten alle låtane ho spela var songar ho sjølv har skrive, og ei av dei var låta «A Day In November». Dette var også ei av låtane ho song då ho deltok på Norske Talentar i 2019 der ho kom heilt til semifinalen.

Musikar: Irmelin Trøite frå Vinje leverte nok ei gong på scena.

Tradisjon tru har sjølvsagt Dalen si eigen kokk, Nesan Mariyanayagam, og kollegaen hans Frode Aga, tatt turen til Dalsmaken.

Kokkane: Frode Aga (t.v.) og Nesan Mariyanayagam. Dei har i mange år servera mat av høg kvalitet på Dalsmarken.

I sju år har Frode Aga og Jesunesan (Nesan) Mariyanayagam servert svoltne marknadsgjester nydeleg grillmat. VTB fekk ein prøvesmak av grilla fjellaure med urtesitronsmør, og det ingen tvil om at desse kokkane veit å lage god mat. Dei er begge opptekne av norske råvarer og kan fortelje at auren kjem frå Hallingdal og at svinekjøttet er frå Jæren.

Nesan har tidlegare budd på Dalen og mange tenkjer med glede tilbake på «Cafe G» som han dreiv den gongen. Det er 12 år sidan han flytta til Stavanger, men han er tilbake på Dalen fleire gonger i året og ikkje minst kvar einaste gong det er Dalsmarken.

– Det blir ikkje sumarferie utan Dalsmarken, smilar Nesan breitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har både regna, blåse og vore sol under årets marknad, men det har ikkje sett noko stoppar for den gode stemninga.