Seljordkalenderen: I august månad dukkar Anne Elise Lønnestad (t.v.), Inger Nordgarden og Helge Lønnestad opp. Biletet er teke på Tjønnstaul i 1942. Fotograf ikkje oppgjeve.

Dagar kjem og dagar går, men kalenderen på veggen består

Seljord pensjonistlag er i år på banen att med kalender med gamle bilete – denne gongen er utgjevinga i samarbeid med Seljord sogelag.

Visst gjev kalenderen på telefonen godt oversyn over dagane som kjem. Den viser kva for ein vekedag 17. mai fell på i 2024, og kva dag joleftan hamnar på. Men om du har bursdag i juni, og lurar på kva tid selskapet bør gå av stabelen, kan du også bla opp i Seljord–kalenderen for det komande året. Der får du eit heilt anna oppleving enn dei nøytralt oppsette datoane i telefon-kalenderen. For i juni openberrar seg eit forvitneleg bilete frå Nordbygdi. Det er teke ved Flatin mot Mælefjell i 1992. Fotograf er August Brunskow.

Eit endå eldre bilete frå Nordbygdi er også med. I 1871 tok Knud Knudsen bilete av den vesle stogo på Sud-Flatin med fire personar ute på tunet. Biletet er skarpt og fint, men manglar namn på personane. Det same gjeld fleire foto; mellom anna biletet av ein kar som mel korn på Øvsttveiten og foto av to personar som køyrer furutømmer, der berre den eine personen er namngjeven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilete både av folk og stadar

Utgjevarane skal derimot ha ros for å opplyse om at det er Torstein Hoff som står på den staslege tømmerbilen; ein Chevrolet 1934-modell, og at alle namna har kome med både på ungane på Tjønnstaul (sjå bilete), på folka på støylen Sundsbarmsanden og på Tveiten i Krokan.

Bileta syner både folk og stadar. Av dei i alt 25 bileta er fire tekne i Flatdal, to i Åmotsdal og resten ymse stadar i Seljord. Innsamlingsarbeidet er gjort av båe laga, fortel Inger Johanne Uldal Kåsa i pensjonistlaget.

– Pensjonistlaget har gjeve ut ein slik kalender i mange år. Seljord sogelag har eit stort arkiv med bilete, og difor gjekk me inn i samarbeid med dei, fortel ho.

Dei tre som har arbeidd med kalenderen er Jon Funner, Odd Vidar Rui og Inger Johanne Uldal Kåsa. Kalenderen kjem i eit opplag på 400 og kan kjøpast på bokhandelen i Seljord og på butikkane i Flatdal og Åmotsdal.

Mai månad: Lars Osa tok dette biletet kring 1885. Frå venstre ser ein Koparvollen, så Mogan, Kristian Torp Hansen landhandel og bokhandel (den tvihøge bygningen) og Lomodden til høgre.