Då Monsen kom til Fyresdal

For eit år sidan sat vi fire damer og hadde eit stort ynske om å få til ein positiv happening i bygda vår. Når fire damer sit slik, boblar det ofte litt over, og planar og draumar tek ofte litt av. Det gjorde det her og.

Lillian Borgen, Anne Lise Greivstad, Lars Monsen, Nina Breivik og Ann Merete Røe.

Vi ville lage ein happening som tok utgangspunkt i det enkle friluftslivet, der alle kan deltake, kvar og ein på sitt nivå, og der det er fleir moglegheiter for å lykkast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Happeningen skulle i tillegg bygge på det vi har mest av i bygda, nemlig fine folk og flott natur.

Vi presenterte planane for politikarane i Fyresdal kommune, familie, venner, kjente, og dei syns vi var kjempespenstige, litt gale og litt sprø, men ga oss «KJØR PÅ».

For å ha mot og pågang til å starte eit slikt prosjekt må vi ha JA. Det er så viktig at folk sei JA, ja til å hjelpe, ja til å deltake og ja – eg trur de får det til.

Resultatet og happeningen av det vi fire damer koka i hop blei «friluftslivets månad» i Fyresdal. Den starta med Førsdalstrasken i Fyresdal, så september månad, og til slutt kom finalen med eit foredrag med Lars Monsen der han fortalte om sitt liv.

Lars Monsen hadde to foredrag torsdag 7.oktober i bygda vår.

I det fyrste fekk elever frå 5.–10. klasse fekk oppleve ein direkte og ærleg Monsen, der han snakka om å ta val – og det og ta konsekvensar av vala, om det å jobbe målretta mot mål ein set seg – og ha trua på seg sjølv, om det å tåle at livet gjev deg smellar innimellom – og reise seg att. Og til slutt, tåle å ha det litt vondt men framleis gjere det du skal. Bodskapen i dette går rett inn i dei nye læringsmåla i den nye læreplanen om livsmestring.

Det andre foredraget var ope for alle. Vi fekk oppleve ein mann som har tålt så utruleg mykje, sett seg store mål og jobba målretta, har blitt trigga av det som andre ser på som umogleg og har sett moglegheiter der andre ser problem. Dette er noko vi alle kan ta litt lærdom av.

Vi er så utruleg takksame og audmjuke for at heile samfunnshuset blei fylt 7.oktober, med folk som ville høyre og sjå friluftsliv legenda Lars Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi er så glade for at Lars Monsen sa ja, til å komme til Fyresdal.

Vi må bare sei tusen takk til Fyresdal kommune, Spar Fyresdal og Sparebanken sør som har gitt oss økonomisk støtte til å gjennomføre denne happeningen. Utan denne støtta hadde vi ikkje fått det til.

Lillian Borgen, Ann Merete Røed, Nina Breivik og Anne Lise Greivstad

Mikkel Hvistendal og Torleiv Vik fekk helse på Lars Monsen.