FLINK: Christina Ståland Kåsin fekk vist fram dans i Stjørdal. Brunkeberg-jenta har lyst til å fortsette med dansinga.

Christina føler seg fri på dansegolvet

Christina Ståland Kåsin er eit stort dansetalent. Brunkeberg-jenta har dei siste åra markert seg både lokalt, regionalt og nå sist nasjonalt.

16-åringen var nemleg ein del av Telemark- og Vestfolds tropp i landsfestivalen i Ungdommens kulturmønstring. Der fekk ho sjansen til å danse på ein stor scene i mektige Kimen kulturhus i Stjørdal. Publikumsresponsen var ein indikasjon på at Christina hadde gjort eit solid inntrykk både på små og store.

— Eg må innrømme at eg var nervøs før eg skulle på scenen. Det hadde nok samanheng med at eg aldri hadde dansa på ein så stor scene og for så mange tidlegare. Det var ei oppleving eg ikkje ville ha vore utan. Nervøsiteten forsvann fort da eg starta å danse, sa landsfestival-debutanten som er ein del av kulturskulen i Kviteseid, der ho får veldig god oppfølging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fint å få utfolde seg

Ståland Kåsin hadde ingen spesielle forventningar då ho reiste for å delta i sin første landsfestival. Den lovande dansaren som til hausten skal begynne på vidaregåande skule på Dalen, kjente ingen av dei andre i Telemark- og Vestfolds tropp då ho møtte dei ho skulle vere saman med i fleire dagar. Etter kvart fekk Christina både nye vener og ikkje minst oppleve mykje.

— Kva er det som er så spesielt med dansen?

— Det handlar mykje om at eg føler meg fri når eg får høve til å utfolde meg på dansegolvet. Det gir meg også energi, sa 16-åringen som også fekk med seg ein workshop i Stjørdal.